Hopp til innhold
X
Innhald

Finnmarkingen

Finnmarkingen var eit landsmålsblad i Vadsø som kom ut med to nummer i 1875. Nokre av artiklane var på eit landsmål tilpassa finnmarksmålet.

Landsmålsbladet Finnmarkingen var skipa av to lærarar i Vadsø, finnmarkingen Karl Akre og sunnmøringen Ananias J. Brune.

Karl E. Akre (1840–1912) var frå Alta og var 1886–1888 stortingsrepresentant for Venstre.    Ananias J. Brune (1853–1942) kom frå Volda, var lokalpolitikar og ein kjend læstadiansk forkynnar.

Akre skreiv ein nynorsk tillempa talemålet i Finnmark. Mellom anna nytta han apokopeformer som «Læsaran», «Ordan», «Posthusan». «Bladet nytta finnmarksmålet så lett og ledig som det skulle ha vore skrive i dag», skreiv Per Håland i 1981. Brune skreiv normalnynorsk.

Bladet, som vart det nordlegaste nynorske bladtiltaket, kom ut med to nummer, begge i juli 1875. Kvart nummer var på fire sider.

Kjelder

Anton Aure:  «Dei nynorske bladi. Ei stutt soge-yversyn», i Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Bjørgvin 1923

Hildur Hatlebrekke: «Avisa Finnmarkingen som språkhistorisk kilde», i Varanger. Årbok 1983. Kirkenes 1983

Per Håland: «Den nynorske pressa», i Almenningen ofl.: Målreising i 75 år.  Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981

Roger Lockertsen: «Nordnorsk målreising 18481945», i Tove Bull og Kjellaug Jetne: Nordnorsk. språkarv og språkforhold i Nord-Noreg. Oslo 1982

Christian Wiik: Tromsø-seminarister. 1829–1879. Oslo 1948.

Peikarar

Språkrådet, faksimilebiblioteket: Finnmarkingen nr. 1 og 2/1875

Først publisert: 01.08.2011
Sist oppdatert: 03.04.2018