Hopp til innhold

Firda Folkeblad

Firda Folkeblad, lokal venstreavis for Sunnfjord, som kom ut i Askvoll 1906–09 og i Florø 1909–92.

Firda Folkeblad vart starta i 1906 i Askvoll av boktrykkjar Erik Johannesson Natvik og den radikale venstrepolitikaren David O. Bakke. I 1909 flytta trykkjeriet og redaksjonen til Florø, som vart ny utgivarstad. Avisa gjekk under namnet Nordre Bergenhus Folkeblad i åra 1907–19. Ho var heilt frå starten av eit venstreblad og presenterte seg som eit organ for bønder og fiskarar. Frå omkring 1917 vart avisa redigert på nynorsk.
 
Firda Folkeblad inneheldt mykje lokalstoff, men også referat frå utanriksnyhende og rikspolitikk. Målsak og fråhaldssak var viktige saker i avisa gjennom dei første åra, slik dei var viktige saker for Venstre på nasjonalt plan. Avisa kom ut med to utgåver for veka det meste av tida. Eit unntak var ein kort periode i 1919–20, då ho kom tre dagar i veka.
 
Kjelder
Gaute Losnegård: «Avisredaksjonen i Askvoll», Sogehefte for Askvoll kommune nr. 14. Askvoll 2001

Først publisert: 30.06.2009
Sist oppdatert: 12.12.2017