Hopp til innhold
X
Innhald

Firda Tidend

Firda Tidend, lokalavis for Gloppen og indre Jølster, som kjem ut tre dagar i veka på Sandane i Sogn og Fjordane. Avisa vert redigert på nynorsk og har ei historie tett knytt opp til Senterpartiet.

Firda Tidend vart starta i 1924 og var heilt frå byrjinga sterkt knytt til Bondepartiet, som var stifta fire år tidlegare. Dei første åra vart avisa driven som eit aksjeselskap, men på grunn av økonomiske vanskar overtok privatmannen Anders Øvreseth avisa. Han var òg redaktør i avisa gjennom ein mannsalder (1930–66). Etter at Øvreseth døydde, vart Firda Tidend reorganisert og overteken av lutlaget Senterpartibladet. Senterpartiet sine organisasjonar er i dag største eigar av konsernet, med 45 prosent av aksjane, resten er det fleire lokale småaksjonærar som eig.
 
Firda Tidend har i dag tolv tilsette. Etter nokre år med hyppige redaktørskifte overtok Bjørn Grov i 1979, og bortsett frå nokre få korte opphald har han vore redaktør sidan. Avisa har dei siste åra hatt eit nettoopplag på kring 3000.
 
Peikarar
Heimesida til Firda Tidend

Først publisert: 30.06.2009
Sist oppdatert: 08.05.2013