Hopp til innhold

Firda

Firda, dagsavis som kjem ut i Førde på papir og nett, og som dekkjer Sunnfjordregionen og tilgrensande område. Firda er den største nynorskavisa i landet.

Firda vart starta i 1918 som eit bygdeblad for Indre Sunnfjord av Kristian Ulltang. Olai Nordeide overtok som redaktør i 1928, og med unntak av åra 1942–45 sat han som redaktør til 1964, då sønene Per og Oddvar Nordeide overtok. I 1996 selde Nordeide-familien avisa til A-pressen. Jan Atle Stang var redaktør frå 2003–2011, Yngve Årdal 2011–2018, og Kai Aage Pedersen har vore redaktør sidan 2018.  

Firda gjorde på 1990-talet ein framstøyt for å bli ei fylkesdekkjande avis, men har sidan gått attende til eit nedslagsfelt som omfattar heile Sunnfjord og deler av Ytre Sogn og Indre Nordfjord. Papiravisa hadde i 2006 eit opplag på 13 979. Firda lanserte eiga nettavis i 1998 og eigen nettradiokanal i 2007.

Dei seinare åra har redaksjonen lagt vinn på at avisa skal ha ein plass i samfunnsdebatten, og det har auka på med meiningsstoff som leiarar, kronikkar, stoff frå eksterne skribentar og lengre innlegg. Men først og fremst er Firda ei lokalavis med brei dekning av nyhende og samfunnsliv i nedslagsfeltet. Firda vart i 1999 utpeika som den best utforma lokalavisa i Europa, og firda.no vart i 2006 kåra som årets lokale nyhendenettstad av Mediebedriftenes Landsforening.

Kjelder

Atle Ness (red.): Firda 75 år 1918–1993. Førde 1993

Cato Husabø Fossen: «Stang går av som Firda-redaktør», firda.no publisert 20.1.2012: http://www.firda.no/nyhende/article5891334.ece [lesedato 21.1.2012] 

Om Firda, NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon, sist oppdatert 23.5.2007, http://nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/1260192.html [lesedato 27.2.2008] 

Astrid Iren Solheim Korsvoll: «Yngve Årdal sluttar som ansvarleg redaktør i Firda», firda.no publisert 5.3.2018: https://www.firda.no/nyheiter/amedia/mediebransjen/yngve-ardal-sluttar-som-ansvarleg-redaktor-i-firda/s/5-15-546715 [lesedato 14.1.2020] 

Idar Stadheim: «Kai Aage Pedersen er ny redaktør i Firda: – Eg har sakna å skrive», firda.no publisert 3.10.2018: https://www.firda.no/nyheiter/forde/sogn-og-fjordane/kai-aage-pedersen-er-ny-redaktor-i-firda-eg-har-sakna-a-skrive/s/5-15-675983 [lesedato 14.1.2020] 

Peikarar

Nettstaden til Firda

Atle Ness: Firda 75 år. 1918–1993. Førde 1993. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Først publisert: 24.09.2009
Sist oppdatert: 14.01.2020