Hopp til innhold
X
Innhald

Firdanytt

Firdanytt, politisk uavhengig døgnflugeavis i Nordfjord mai–juli 1952.

Firdanytt kom med første nummeret på Sandane i Gloppen 20. mai 1952 og gjekk inn 8. juli etter 13 nummer. Initiativtakar og redaktør var Oddvar Gloppestad, som mellom anna var aktiv i det lokale ungdomslaget. Med seg i redaksjonen hadde han frå 4. juni Fredrik Koch, tilsett etter ei lysing i Dagbladet.
Herbjørn Sørebø, på den tida elev på Firda landsgymnas på Sandane, var ein ivrig bidragsytar med petitar og kulturstoff. For Sørebø var dette dei første stega i medieverda. Her publiserte han også nokre av dei første dikta sine. Anton Aabrech stod oppført som redaksjonssekretær, men det er uvisst om han rakk å byrje i stillinga.
Avisa presenterte seg som «politisk uavhengig bygdeblad for Sogn og Fjordane». Ho kom ut kvar tysdag og fredag, kvart nummer var på fire sider. Redaksjonskontoret var enkelt: ein ovn, ein stol, eit bord på ca. 70 x 80 cm, ein bunke aviser. Fredrik Koch, som òg var annonsesankar, vart straks plassert i Førde, der avisa vart prenta på Øens prenteverk. Opplaget er ukjent.
I sitt korte liv skreiv avisa om lokale hendingar, dekte kommunestyremøte i området, omtalte 17. maifeiring og bøker, riksteaterbesøk, jordbruksnytt og nyhende frå organisasjonslivet. Koch og Sørebø skiftest på å skrive spalta Rundtomkring. Leiarartiklane tok stundom også opp nasjonale og internasjonale saker, ved sida av lokale spørsmål. Men kontakten med lesarane svikta, og det fanst allereie fleire aviser i fylket. Tysdag 8. juni 1952 varsla Firdaposten nr. 13. 1. årgang ein pause på 14 dagar «for skuld ferie i prenteverket». Det vart dei siste orda frå redaksjonen.
Redaktøren, Oddvar Gloppestad, vart seinare typograf i Oslo. Han var fødd 29. oktober 1922 i Gloppen, døydde 4. juli 2001 på Råholt i Eidsvoll og er gravlagd på Vereide gravlund i Gloppen.
Kjelder
Terje Eggum: På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde 2009
Firdanytt, 20. mai–8. juli 1952
Fredrik Koch: «Unge dager i Firdanytt», Pressehistoriske skrifter, nr. 4/2005
Herbjørn Sørebø: Medieliv. Oslo 2003
 
Gravminner i Norge: http://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?mode=x [lesedato 7.9.2012]

Først publisert: 07.09.2012
Sist oppdatert: 08.05.2013