Hopp til innhold
X
Innhald

Firdaposten

Firdaposten, lokalavis for Flora og Bremanger, som kjem ut i Florø tre dagar i veka. Avisa vert redigert på nynorsk og var tidlegare partiorgan for Arbeidarpartiet. Firdaposten er ått av A-pressa.

Firdaposten vart grunnlagd i 1948. Avisa ekspanderte på slutten av 1980-åra og byrjinga av 90-åra, samstundes som konkurrenten Firda Folkeblad fekk problem og måtte gå inn. I 1988 gjekk avisa opp til fire utgåver for veka, og frå 1994 til 1996 kom ho ut som dagsavis. Ein periode hadde Firdaposten lokalkontor i Askvoll. Men etter at avisa gjekk inn i A-pressa, som også hadde kjøpte Firda i Førde, vart det innskrenkingar, og Firdaposten kjem no igjen ut tre dagar i veka.
 
Den første redaktøren i Firdaposten var Guttorm Hansen (1948–51), som seinare vart stortingspresident. Av andre redaktørar kan nemnast Norulv Øvrebotten (1986–90) og Jan Atle Stang (1996–2003). Sidan 2004 har Svend Arne Vee vore redaktør. Nettoopplaget dei seinare åra har lege kring 5500.
 
Peikarar
Heimesida til Firdaposten

Først publisert: 24.09.2009
Sist oppdatert: 08.05.2013