Hopp til innhold
X
Innhald

Fjordabladet

Fjordabladet, lokalavis for midtre Nordfjord, som vert redigert på nynorsk og kjem ut på Nordfjordeid tre dagar i veka. Avisa har ei fortid som organ for Venstre og er den eldste avisa i Sogn og Fjordane.

Fjordabladet vart grunnlagt i 1873 av venstremannen Otto Blehr. Dei første åra hadde ho namnet Fjordenes Blad og var ei radikal, frisinna avis for heile fylket. I 1920 fekk ho det noverande namnet og vart redigert fullt ut på nynorsk. Fjordabladet har hatt mange ulike redaktørar, av dei mest kjende kan nemnast lokalhistorikaren Jakob Aaland (1916–19) og den seinare redaktøren i Gula Tidend Per Håland (1945–47). Redaktør sidan 2004 er Tormod Flatebø.
 
Fjordabladet er organisert som eit aksjeselskap ått av Fjordtrykk AS, som hovudsakleg har lokale eigarar. Sunnmørsposten og Fjordingen, som begge vert kontrollerte av Mecom Europe, har kvar sin mindre aksjepost. Godkjend nettoopplag i 2013 var på 2626 eksemplar.

Kjelder
Lars Bjaadal m.fl.: Fjordabladet gjennom 100 år. Nordfjordeid 1973
lla.no
 
Peikarar
Nettstaden til Fjordabladet

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 27.02.2014