Fjordguten var ei nynorsk ungdomsavis for Hordaland som vart gitt ut mellom 1901 og 1904.

Historie

Fjordguten kom ut første gongen 5. januar i 1901 i Norheimsund, med undertittelen «Ungdomsblad for Hordaland». Året etter var nedslagsfeltet for avisa utvida, då med undertittelen «Ungdomsblad for Vestlandet». Utgivar var den tidlegare folkehøgskulelæraren Torgils Bu, som òg var einaste redaktør gjennom avisa si korte levetid. Fjordguten vart trykt ved Hordalands Folkeblads Bogtrykkeri.

På framsida av den første utgåva stod det at Fjordguten skulle bringe lesaren opplysningsstoff, til dømes avhandlingar, biografiar og litteraturmeldingar. Avisa lova i tillegg nytt frå både innland og utland, kvikke småstykke, forteljingar og korrespondanse.

Fjordguten var ei vekeavis på fire sider, utan bilete. Eit abonnement kosta frå byrjinga av to kroner i året, og ei krone ekstra i halvåret i tillegg for postsending. Avisa kom ut med nynorsk som dominerande målform. Opplagstalet er ikkje kjent.

Forlagsretten til Fjordguten vart i 1904 kjøpt opp av Jens Hystad, som sidan 1902 hadde drive avisa Søndhordland på Stord.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Flo, I., red. (2010): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra A til Å, bd. 4. Oslo: Universitetsforlaget
  • Høeg, T. A., red. (1973): Norske aviser 1763–1969. En bibliografi. Oslo: Universitetsbiblioteket i Oslo

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg