Hopp til innhold
X
Innhald

Fjordingen

Fjordingen, lokalavis for indre Nordfjord, som vert redigert på nynorsk og kjem ut i Stryn to dagar i veka.

Fjordingen vart etablert i 1928 av bergensarane Nils Hertzberg (redaktør) og Finn Larsen (forretningsførar) saman med boktrykkjar Torleif Bergmann. Første året hadde avisa namnet Innfjordingen, men etter ein konkurs starta ho på nytt som Fjordingen i 1929. Frå 1949 til 1951 var høgrepolitikaren Paul Svarstad redaktør. Seinare vart avisa redigert av Martin Lilleheim gjennom heile 35 år. I dag er Bengt Flaten redaktør i Fjordingen.

Fjordingen er ått av Sunnmørsposten, som igjen vert kontrollert av Polaris Media. Godkjent nettoopplag i 2019 var på 3780 eksemplar. 

Kjelder

Landslaget for lokalaviser (LLA): https://lla.no/ [lesedato 30.6.2009]. 

Peikarar

Nettstaden til Fjordingen

Om eigarskap i norske medium i Medieregisteret

Om Fjordingen på nettstaden til Landslaget for lokalaviser

Først publisert: 30.06.2009
Sist oppdatert: 14.02.2020