Forside av Folkebladet for Sogn og Fjordane
Den første utgåva av Folkebladet for Sogn og Fjordane kom 25. november 1942.
Forside av Folkebladet for Sogn og Fjordane
Nasjonalbilioteket .

Folkebladet for Sogn og Fjordane var ei avis som kom ut i Florø i krigsåra 1942–1945, skipa av den tyske okkupasjonsmakta.

Etablering

Den første utgåva av Folkebladet for Sogn og Fjordane kom 25. november 1942. Avisa vart skipa etter at okkupasjonsmakta hadde stengt Høgre-avisa Fylkestidende for Sogn og Fjordane og Venstre-avisa Firda Folkeblad. Okkupasjonsmakta sjølv kalla det ei samanslåing av dei to avisene, som no vart «vidareførte» med nazistisk meiningsinnhald.

Til saman stogga om lag halvparten av alle norske aviser under andre verdskrigen – anten fordi dei fekk forbod mot å halde fram, eller ved at avisene sjølve la ned verksemda for å unngå nazifisering. Folkebladet for Sogn og Fjordane var den einaste avisa i fylket som vart starta av okkupasjonsmakta, og ho skulle fungere som lokalavis for Florø.

Drift

Avisa kom ut to gonger i veka, men frå nyåret 1945 med uregelmessige mellomrom. Opplaget er uvisst. Kristian Pålsrud var redaktør for avisa fram til nr. 56, 1944. Då tok Johan Djupevik over redaktørstolen fram til andre verdskrigen var slutt i Noreg, og avisa gjekk inn. Begge redaktørane fekk seinare dom i landssvikoppgjeret.

Folkebladet for Sogn og Fjordane vart utgitt med nynorsk som redaksjonsspråk. Det var ingen av dei skriveføre i Florø-området som ønskte å bidra med innhald i avisa. Redaktøren måtte difor ofte nytte gamle saker frå tidlegare årgangar av Fylkestidende for Sogn og Fjordane for å fylle sidene.

Den siste utgåva av avisa kom 5. mai 1945. Medan Firda Folkeblad kom i gang att like etter krigen, tok ikkje Fylkestidende for Sogn og Fjordane opp att drifta før hausten 1948.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Eggum, T. (2009): På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde: Selja Forlag
  • Flo, I., red. (2010): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra A til Å, bd. 4. Oslo: Universitetsforlaget
  • Grepstad, O. (2010): Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Universitetsforlaget
  • Ottosen, R., red. (2010): Norsk presses historie 1660–2010. Presse, parti og publikum 1880–1945, bd. 2. Oslo: Universitetsforlaget
  • Høeg, T. A., red. (1973): Norske aviser 1763–1969. En bibliografi. Oslo: Universitetsbiblioteket i Oslo

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg