Hopp til innhold
X
Innhald

Folketanken

Folketanken, avis publisert mellom 1888 og 1945, som under andre verdskrigen vart ein reiskap for Nasjonal Samling

Folketanken vart starta av Andreas Hansson som vekeavis i Arendal i 1888. Året etter vart avisa flytta til Risør og kom ut som dagsavis fram til 1945. Frå å vere partisekretær for det nyskipa Arbeidarpartiet i Arendal gjekk Hansson over til å representere Venstre i byrjinga av 1900-talet. Folketanken vart med det ei radikal Venstre-avis som kjempa for frisinn, fridom og fråhaldssak. I 1932 hadde avisa eit opplag på 2000.
Nynorsk vart i byrjinga nytta i annonsar, og etter kvart i nokre av artiklane i Folketanken. Mellom 1928 og 1934 var det også den redaksjonelle målforma for avisa. At byaviser på Sør- og Austlandet vart utgitt på nynorsk i desse tiåra, var eit unntak. I Risør låg mykje likevel til rette for at nynorskaviser kunne bløma, då det eksisterte eit profilert miljø av nynorskbrukarar som kunne støtte opp om eit slikt prosjekt.
Hansson døydde brått i 1923. Det var Venstre-mannen og tidlegare journalist i Morgenbladet, Johannes Kringlebotn, som tok over som redaktør i Folketanken. Då andre verdskrigen kom til Noreg i 1940, gjekk Kringlebotn inn på Quisling si side. Folketanken miste dermed populariteten sin, og lesarane forsvann. Kringlebotn slutta i avisa, og Olav Jeppesen overtok redaktørstolen i 1941. Den siste utgåva av Folketanken kom 8. mai 1945, då Jeppesen vart arrestert av motstandsorganisasjonen Milorg.
Kjelder
Idar Flo (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra a til å, bd. 4. Oslo 2010
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010
Universitetsbiblioteket i Oslo: Norske aviser 1763–1969. En bibliografi. Oslo 1973
Gunnar Christie Wasberg: Norsk presse i hundre år. Bergen 1969

Først publisert: 28.09.2012
Sist oppdatert: 08.05.2013