Hopp til innhold

Fraa By og Bygd

Fraa By og Bygd var eit tidsskrift som vart utgitt av Vestmannalaget i Bergen 1870–1879.

Tidsskriftet vart skipa med sikte på medlemene i Vestmannalaget. Første heftet kom ut 17. mai 1870 og var på 96 sider. Formatet var ca. 10 x 16 cm. Dei første åra var Fraa By og Bygd kvartalsskrift. Frå 1875 vart det månadsskrift. Formatet vart noko større, men sidetalet mindre.
Redaktør for tidsskriftet var til kvar tid formannen i Vestmannalaget: Henrik Krohn 1870–74, Olav Lofthus 1875, Hans Mo 1876–78 og Edv. G. Johannessen 1879.
I første årgangen kom artikkelforfattarane for det meste vestanfrå. Seinare kom det òg somme artiklar frå forfattarar frå andre landsdelar. Tidsskriftet trykte mellom anna litterære tekstar, artiklar om målsak og skulespørsmål, bokomtalar, artiklar om politiske hendingar i inn- og utland, historiske skildringar og vitskaplege drøftingar omsette frå andre språk.
Mellom forfattarane finn vi Henrik Krohn, Kristofer Janson, Hans Mo, Olav Paulson, John Klæbo, Johan Einar Unger, Olav Lofthus, Andreas Austlid (med etternamnet Østerlid), Anders Askevold, Sigurd Blekastad, Ivar Høyem, Lars Holst, Arne Garborg og Jonas Vellesen.
Tidsskriftet følgde i hovudsak Ivar Aasen si språknorm. Eit unntak var orda «dan», «dat» og «dar», der tidsskriftet fram til 1875 jamstilte desse formene med «den», «det» og «der» og let forfattarane velje dei formene dei sjølve ønskte. Frå 1875 brukte tidsskriftet dei siste formene, som Ivar Aasen hadde ført opp som hovudformer i Norsk Ordbog frå 1873.
Kjelder
Fraa By og Bygd. Tidskrift aat Vestmannalaget. Bjørgvin 1870–1874, Bergen 1875–1879
Hannaas, Clausen, Jerdal: Vestmannalaget i 110 år. Bergen 1978
Henrik Krohn: Skrifter. Med fyreord av Kristofer Janson. Bergen 1909
Jostein Krokvik: Henrik Krohn. Vestmannalagsreisaren og målreisaren. Bergen 2002
Olav Midttun: Mål og menn. Oslo 1968
Vemund Skard: Frå Dølen til Fedraheimen. Oslo 1949

Først publisert: 01.08.2011
Sist oppdatert: 08.05.2013