Hopp til innhold
X
Innhald

Fylket

Fylket, nynorsk bondeavis utgitt i Molde mellom 1927 og 2000.

Fylket kom ut i Molde med det første nummeret 23. mars 1927, som avis for Bondepartiet og Noregs Bondelag. Avisa vart skipa på initiativ frå bøndene i området og var gjennom heile si historie eit talerøyr for bondenæringane og jordbruket. Namnet fekk avisa fordi ho skulle vere eit politisk organ for heile Møre og Romsdal, men hadde hovudsakleg lesarane sine i Romsdal. Opplagstalet i 1932 var 2000. Frå 1950 og fram til midten av 1970-åra heldt talet seg relativt stabilt på rundt 3500. Gjennom 1990-åra vart opplagstalet nesten halvert.
Den første redaktøren var agronom og journalist Ola Fladmark. Den første eigaren var boktrykkjar Kristian Larsen, men allereie i 1928 tok Interesseselskapet Fylket over eigarskapen. Same året vart også Molde Annonceblad teke opp i avisa. Frå 1940 var eigarane Partslaget Fylket.
I andre halvdel av 1940-åra og i 1950-åra var Fylket prega av store økonomiske vanskar. I 1961 kom det igjen til nye eigarar gjennom aksjeselskapet Bygdetrykk AS, og økonomien betra seg. Fylket vart då vekeavis i moderne format og kom ut to til tre gonger i veka.
På slutten av 1990-åra vart Fylket igjen råka av store økonomiske problem. Ei svekt jordbruksnæring i Møre og Romsdal resulterte i både færre lesarar og vaklande annonsegrunnlag. Då pressestøtta for norske aviser på denne tida vart redusert, oppstod det ytterlegare vanskar for drifta. Etter eit mislukka forsøk på ei refinansiering av Bygdetrykk AS vart avisa til slutt lagd ned. Den siste utgåva av Fylket kom 28. april 2000.
 
Kjelder
«Fylket seier takk for seg», Fylket 28.4.2000
Jakob Bolstad (red.): Moldes Typografiske forening – byens eldste fagforening – 60 år. 1966
Idar Flo (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra a til å, bd. 4. Oslo 2010
Universitetsbiblioteket i Oslo: Norske aviser 1763–1969. En bibliografi. Oslo 1973

Først publisert: 17.04.2013
Sist oppdatert: 16.11.2017