Hopp til innhold

Gaula

Gaula, vekeavis, primært for Melhus. Avisa er kjend for sitt lokale småstoff skrive på nynorsk.

Det første nummeret av Gaula kom 24. januar 2001. Gaula er ei papiravis som kjem ut kvar onsdag.
 
Åsmund Snøfugl har vore redaktør i Gaula sidan starten i 2001. Då var det fem år sidan han slutta som redaktør i avisa Trønderbladet, og han ønskte å starte ei ny avis i Melhus. Gaula er driven av Snøfugl AS, som i tillegg til avisa også sel bøker gjennom Snøfugl forlag. I tillegg til redaktør Åsmund Snøfugl har avisa tre redaksjonelle medarbeidarar og to andre tilsette.
 
Kolofonen og leiaren i Gaula er på nynorsk. Elles blir avisa redigert på begge målformene, og det er først og fremst redaktøren sitt sjølvskrive og populære småstoff som er skrive på nynorsk.
 
Nedslagsfeltet er først og fremst Melhus kommune i Sør-Trøndelag, men avisa dekkjer òg nyhende frå Skaun kommune, Klæbu kommune og Byneset i Trondheim kommune. I tillegg til nyhende og småstoffet frå redaktøren, satsar avisa på lokalt kulturstoff og portrettintervju. Åremålsdagar har òg ein sentral plass i avisa. Gaula er partipolitisk uavhengig.
 
Gaula hadde eit godkjend opplag på 1347 i 2013.
 
Kjelder
Telefonsamtale med Åsmund Snøfugl 10.2.2012
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010
«Landslaget for lokalaviser», lla.no, http://lla.no/medlem/ [lesedato 17.2.12]

Først publisert: 06.07.2012
Sist oppdatert: 27.02.2014