Hopp til innhold
X
Innhald

Grannar

Grannar, lokalavis for dei sørlegaste kommunane i Sunnhordland og Vindafjord i Rogaland.

Grannar kom med eit prøvenummer 1. mars 1973, og det første ordinære nummeret kom 30. september 1973. Det var Skånevik Mållag som tok initiativet til den nye avisa, og Hans Olav Tungesvik var den første styreformannen. Avisa skulle dekkje kommunane Etne og Ølen, med bygdene Åkrafjorden, Skånevik, Bjoa og Vikebygd.

Økonomien var trong, men med statsannonsar og pressestøtte gjekk det rundt. I 1989 slo avisa seg saman med lokalavisa Vindafjordingen, som kom ut i Vindafjord kommune nord i Rogaland.

I 1975 søkte avisa medlemskap i Norske Avisers Landsforbund, men fekk avslag. Då tok styremedlem i avisa, Ingolv Vevatne, som òg var med på å starte opp avisa, initiativet til skipinga av det som i dag heiter Landslaget for lokalaviser (LLA). Organisasjon vart skipa i 1976. I 1978 vart Rune Hetland journalist i Grannar, og i 1984 overtok han som redaktør.

Grannar kjem i dag ut i Etne i Sunnhordland måndag og torsdag, og avisa hadde i 2013 eit godkjent opplag på 3548 eksemplar. Bedrifta har ti årsverk. Grannar er partipolitisk ubunden og er eigd av om lag 800 lokale aksjonærar. Avisa har ei nettutgåve med variert utval.

Redaktør og dagleg leiar er Arne Frøkedal. Den redaksjonelle målforma er nynorsk.

Kjelder

Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010

Sigurd Høst: «Grannar», Norsk presses historie 1660–2010, bd. 4. Oslo 2010

Landslaget for lokalaviser, http://www.lla.no/ [lesedato 27.2.2014]

Peikarar

Nettstaden til Grannar

Først publisert: 27.02.2014
Sist oppdatert: 02.11.2015