Hopp til innhold
X
Innhald

Grenda

Grenda, lokalavis som kjem ut i Rosendal i Kvinnherad kommune, grunnlagd av sunnmøringen Olav Aurvoll i 1951.

Olav Aurvoll hadde tidlegare starta avisa Vestlandsnytt i Herøy på Sunnmøre. I 1951 hadde han nettopp flytta til Rosendal for å starte ei lokalavis også der. Det skulle vere eit bygdeblad for «Kvinnherad og grannelaget», politisk uavhengig og på nynorsk. Første nummeret kom 13. september 1951, og avisa kom ut éin gong i veka. Aurvoll var båre bladstyrar og altmoglegmann for avisa, og han skreiv gjerne stoffet rett inn på setjemaskinen. I 1975 fekk avisa offset-trykk, som den første i fylket. 

Talet på tingarar passerte 100 første året og kom i 1955 opp i 1760. Frå å ha kome ut ein gong i veka gjekk no avisa over til to utgivingar i veka. Opplaget varierte og nådde ein topp i 1974 på nesten 3000 eksemplar. Kvinnherad vart storkommune etter kommunesamanslåingane i 1965, og Grenda vart lokalavis for heile den nye kommunen.

I 1973 fekk Grenda konkurrenten Kvinnheringen på Husnes, eit par mil sørvest for Rosendal. Konkurransen vart hard. I 1978 var Kvinnheringen størst og heldt fram med å auke. Olav Aurvoll døydde i 1979, og avisa vart overteken av Knut Hass, som redigerte avisa til han gjekk av med pensjon i 2000. Då prøvde A-pressa å overta Grenda for å leggje ned avisa, til fordel for A-presseavisa Kvinnheringen. Men Grenda vart i staden overteken av Haugesunds Avis, Sunnhordland på Stord og nokre lokale aksjonærar. Dei nye eigarane rusta opp avisa, og opplaget auka.

Grenda kjem no ut tre gonger i veka, tysdag, torsdag og laurdag, og avisa har åtte tilsette. Redaktør er Håvard Sætrevik. Opplaget i 2013 var 2308 eksemplar. Grenda har ei enkel nettutgåve, men har ikkje satsa på digitalt innhald. Det redaksjonelle språket er nynorsk.

Kjelder

Sigurd Høst: «Grenda», Norsk presses historie 1660–2010, bd. 4. Oslo 2010

Landslaget for lokalaviser, http://www.lla.no/ [lesedato 27.2.2014]

Peikarar

Nettstaden til Grenda

Først publisert: 27.02.2014
Sist oppdatert: 19.10.2018