Hopp til innhold
X
Innhald

Grømstadposten

Grømstadposten, Venstre-avis frå Grimstad utgitt mellom 1884 og 1951, som talerøyr for nasjonal oppvakning og med ei kritisk røyst mot nazismen sin framvekst på kontinentet.

Avisa kom ut under namnet Andvake første gongen i 1884. Tre år etter skifta ho namn til Grømstad-Posten, så til Grimstad-Posten, og seinare, i 1927, til Grømstadposten. Det einaste kjende opplagstalet er frå 1932, og då var det 1500.
Etablert i det konservative Grimstad, representerte Grømstadposten liberale straumdrag og kjempa for større nasjonal sjølvkjensle. Høgre-avisa Grimstad Adressetidende var den lokale konkurrenten til Grømstadposten. I tillegg til det nasjonale stod fråhald og målsak sentralt i avisa sin profil, og i perioden 1927–30 var redaksjonsspråket nynorsk. Også før den tid hadde det vore trykt artiklar på nynorsk i avisa.
Redaktørstolen var gjennom avisa si historie hovudsakleg dominert av familien Dyvik frå Grimstad. Far Knut Dyvik var redaktør i periodane 1908–27 og 1945–51, mor Dina Dyvik i perioden 1928–34 og sonen Olav Dyvik frå 1934 og fram til 1940. Dei tre hadde i 1928 kjøpt aksjeselskapet og forlagsretten til avisa.
Då den andre verdskrigen kom til Noreg, hadde tyskarane allereie hatt Grømstadposten under oppsikt ei stund, på grunn av avisa si tydelege anti-nazistiske haldning. Avisa vart stoppa i 1940, og Olav Dyvik sine siste ord til lesarane var «Gud bevare Norge». Han vart seinare avretta på Trandum i 1944.
Etter krigen klarte avisa aldri å kome skikkeleg på fote att. Det var faren, Knut Dyvik, som prøvde å få drifta i gang på nytt, men avisa måtte leggjast ned i 1951.
Kjelder
Idar Flo (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra a til å, bd. 4. Oslo 2010
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010
Rune Ottosen (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Presse, parti og publikum 1880–1945, bd. 2. Oslo 2010
Universitetsbiblioteket i Oslo: Norske aviser 1763–1969. En bibliografi. Oslo 1973

Først publisert: 17.12.2013
Sist oppdatert: 17.12.2013