Hopp til innhold
X
Innhald

Gudbrandsdølen Dagningen

Avishistoria på Lillehammer etter krigen handlar om tre aviser – Gudbrandsdølen, Lillehammer Tilskuer og Dagningen – som blei til gjennom ein til tider innfløkt prosess. Gudbrandsdølen Dagningen (forkorta GD) står no åleine att i byen.

Lillehammer Tilskuer, grunnlagd i 1837, og Gudbrandsdølen, grunnlagd i 1894, la grunnlaget for det som i maidagane 1945 blei Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer (G og LT). Restane av ei tredje avis, den nazifiserte Laagen, som var blitt stoppa for godt, overlét Heimefronten til nyskapinga.

Den sterke mannen i samarbeidet etter krigen var redaktør og aviseigar Hans P. Lødrup, profesjonell avismann frå tidleg på 1900-talet. Han hadde ingen redaksjonell funksjon i den nye avisa, men han eller sonen sat i styret i familieselskapet AS Lillehammer Tilskuer og i det felles bladstyret. Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer fekk redaksjon, administrasjon og trykkjeri i lokala som fram til krigen var slutt, var brukte av Laagen og eigde av utgivarselskapet AS Bøndernes Blad.

Samtidig som Lødrup var arkitekten bak det borgarlege samarbeidet i 1945, leigde han ut det privateigde trykkjeriet sitt til Dagningen, den einaste konkurrenten til G og LT. Dermed var høgremannen engasjert både i si eiga avis, Høgre-organet Lillehammer Tilskuer, i Bondeparti-avisa Gudbrandsdølen og i Ap‑avisa Dagningen. Slik kontroll hos éin person er temmeleg eineståande i norsk pressehistorie.

Avisene voks raskt etter krigen, med Sigurd Skogheim som redaktør i «Dølen» og Haakon Rud i «Tilskueren». Det gjekk 113 år frå Oplands-Tidende blei skipa i 1837, til det kom ein kvinneleg redaksjonell medarbeidar i avishuset G og LT. Det skjedde først i 1950, då Marit Kalstad blei tilsett som sommarvikar. Den første fast tilsette kvinnelege journalisten kom i 1966. Den andre fast tilsette kvinnelege medarbeidaren i redaksjonen til G og LT kom ikkje før i 1974. Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer var såkalla «politisk uavhengig», men Gudbrandsdølen var nært knytt til Bondepartiet/Senterpartiet, Lillehammer Tilskuer til Høgre. Avisene hadde kvar sin politiske redaktør, medan ein sjefredaktør var leiar av fellesredaksjonen. Nyhendestoffet var likt i dei to utgåvene, berre leiarspalta og tittelhovuda på førstesidene blei bytte ut. Dei store skandalane oppstod ikkje, men samarbeidet blei noko spesielt i EEC/EF/EU‑saka, særleg under dei harde debattane i samband med folkerøystinga i 1972.

I 1990 blei tvillingavisene slått saman, og i 1997 fusjonerte G og LT med konkurrenten Dagningen, som hadde sokna til Arbeidarpartiet. Dermed var den lange fusjonshistoria til endes, og Lillehammer stod att med éi avis.

Litteratur

Knut Ramberg og Kristian Hosar: I døgnets tjeneste. Avishuset Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuers historie, bd. I–III. Lillehammer 1994–2007

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017