Hopp til innhold
X
Innhald

Gudbrandsdølen

Gudbrandsdølen var «Bjørnstjerne Bjørnsons husorgan» på Lillehammer, og han var ikkje den einaste forfattaren som skreiv i avisa. Redaksjonen i villaen til redaktør Johan Filseth var eit livleg samlingspunkt for både bønder og byfolk. Men då redaktøren døydde, gjekk det nedover.

Lærar Johan Filseth begynte avislivet sitt som medredaktør i Venstre-avisa Framgang på Lillehammer i 1886. Framgang hadde sitt utspring i miljøet rundt Vonheim folkehøgskole. Avisa skulle «fremme en jevn, frisinnet utvikling på hjemlig og kristelig grunn». I 1890 overtok Filseth som eineredaktør etter Mathias Skard. Filseth var langt meir radikal og kom i konflikt med Vonheim-miljøet. Avisa blei seld, og Filseth etablerte si eiga avis, Gudbrandsdølen, i 1894.

Same året opna jernbanen frå Kristiania til Tretten. To år seinare var jernbanen ferdig til Sel, noko som gjorde det lettare for bygdekorrespondentane i Nord-Gudbrandsdalen å sende aktuelt stoff til avisene på Lillehammer.

I opningsnummeret hadde Bjørnstjerne Bjørnson hovudartikkelen over to og ei halv spalte på første side med overskrifta «Gudbrandsdølerne». Gjennom skiftande tider blei Gudbrandsdølen livorganet for diktarhovdingen på Aulestad. Der fekk han plass dersom hovudstadsavisene var stengde for han. Redaktør Chr. Friele i Morgenbladet omtalte Gudbrandsdølen som «Bjørnsons husorgan der oppe».

Nykomaren storma forbi dei etablerte konkurrentane sine som den journalistisk viktigaste, med flest lesarar og størst annonsevolum. Etter ein månad hadde bladet 1200 abonnentar, nokre månader seinare hadde talet vakse til 1500. Etter ni år kunne Filseth investere i ny presse, som gjorde det mogleg å trykkje i seks spalter.

Villaen til Filseth var ikkje berre heimen til ein stor familie, men romma òg redaksjon, trykkjeri og avisekspedisjon. Der var det alltid folksamt – medarbeidarar i bladet, folk i byen som hadde ærend i avisa, bønder på bytur. Mange skulle ha bevertning. «Sei meg, er det restaurant her», spurde ein forundra besøkjande. Den mest kjende medarbeidaren til Filseth var Erik Vullum, som skreiv jamleg i bladet etter at han flytta til Lillehammer.

Redaktør Filseth døydde under eit rekreasjonsopphald i Danmark, og leiinga blei overteken av sonen Kaare og Jul Sundsvik, som hadde vore redaksjonssekretær. Men økonomien i avisa blei raskt vanskelegare. Alle Lillehammer-avisene sleit.

I 1930 kjøpte Hans P. Lødrup, tidlegare medarbeidar i Aftenposten, både Lillehammer Tilskuer av familien Ørn og Gudbrandsdølen av fru Laura Filseth og slo dei saman under namnet Gudbrandsdølen, eit klart Høgre-venleg blad, nokså langt frå Filseth si Venstre-orienterte avis.

Litteratur

Cath. Bang: Hans P. Lødrup. Forsøk på et portrett basert på aktstykker til 100-årsdagen 26. april 1985. Lillehammer 1985

Knut Ramberg: I døgnets tjeneste. Avishuset Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuers historie, bd. I. Lillehammer 1994

 

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017