Hopp til innhold
X
Innhald

Gula Tidend

Gula Tidend, nynorskavis utgitt i Bergen 1904–96, fornorska nyhendespråket og gav ut Agatha Christie på nynorsk, men var regionavisa som tapte mot dei mange nye lokalavisene.

Gula Tidend blei utgitt i Bergen frå 3. desember 1904 til 1. juni 1996 og var heile tida redigert på nynorsk. Dei første åra kom avisa ut tre dagar i veka, men frå 2. januar 1914 var ho stort sett dagsavis fram til 1940. Gula Tidend gjekk inn 10. april 1940 og greidde etter den tyske okkupasjonen aldri å vinne att det tapte. Frå 1954 kom avisa ut tre dagar i veka.
 
Avisa hadde frå første dag eige trykkjeri. Frå 1916 blei avisa trykt med latinsk skrift. Avisa dreiv òg eige bokforlag, som fram til 1940 gav ut 82 bøker, og frå 1949 Norsk Skjemaforlag.
 
Gula Tidend hadde mange profilerte redaktørar, frå grunnleggjaren Johannes Lavik via Agnar Skeidsvoll til den moderne pressemannen Per Håland. Dei første tiåra blei avisa redigert på eit konservativt nynorsk, men redaksjonen la samstundes ned mykje arbeid i å fornorske nyhendespråket, særleg i meldingane frå Norsk Telegrambyrå.
 
Eigarform og økonomi
I 1903 oppnemnde Vestmannalaget Ervingen, Vestlandske Mållag og Søndre Bergenhus amts vinstrelag eit interimstyre for det som skulle bli Gula Tidend. Interimstyret kjøpte opp den nordhordlandske avisa Bergenhus og bergensavisa Vestlandet. L/L Gula Tidend blei skipa i januar 1905 med 3500 kroner i aksjekapital og med det føremålet å arbeide for «norsk mål og frilynd politikk».
 
Aksjekapitalen blei utvida fleire gonger både før og etter 1940. Avisa fekk jamleg tilført drifts- og investeringskapital frå kaffistover og andre lagsbruk i Bergen og Oslo, frå dei private investorane Johannes C. Bull og Cornelius Berg Bugge og frå Riksfondet for nynorsk presse. I 1913 skipa Vestmannalaget, Vestlandske Mållag og Bondeungdomslaget (BUL) i Bjørgvin eit nytt aksjeselskap som skulle gjere Gula Tidend til dagsavis. Same året prøvde avisa å kjøpe Den 17de Mai i Oslo. I 1918 kjøpte Bugge saman med Gula Tidend avisa Sunnhordland på Stord og gjorde året etter dette til ei avis redigert på nynorsk.
 
Avisa var lenge knytt til Venstre, og i 1918 gjekk Johannes Lavik av som redaktør i protest mot dette partibandet. Etter 1934 var avisa partiuavhengig.
 
Utbreiing og publisering
Det første nummeret i 1904 blei prenta i 10 000 eksemplar. I 1932 var opplaget kring 4000 eksemplar, i 1959 5119 og i 1979 6562. Opplaget fall til 5594 i 1986 og 2733 i 1995. Avisa dekte særleg Bergen med omland og kystkommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane. 75-årsnummeret 3. desember 1979 var på 48 normalsider og blei prenta i heile 35 600 eksemplar.
 
Frå 1905 til 1940 gav Gula Tidend ut 82 bøker, den første var Fyrste akten or Kaupmannen i Venezia av William Shakespeare. Seinare kom både Fjodor Dostojevskij og Agatha Christie på nynorsk. Gula Tidend gav òg ut to diktsamlingar av Olav Nygard. Han var ein av mange som fekk diktekunst på trykk i Gula-spaltene. I 1950-åra prøvde avisa seg òg med Norsk Bokrings Forlag for opptrykk av utselde bøker.
 
I 1970-åra kom det mange nye lokalaviser på Vestlandet. Dei tok kvar sine bitar av Gula-marknaden. Det hjelpte lite med Vest-Gula som eiga utgåve for nabokommunane til Bergen 1986–88.
 
Redaksjonell profil
Med røynsle frå både Fedraheimen, Firda og Bergens Tidende forma Johannes Lavik i redaktøråra 1904–18 den profilen som lenge var særkjennet for Gula Tidend: eit sambandsblad for Vestlandet redigert etter Aasen-normalen.
 
Agnar Skeidsvoll var journalist i avisa frå 1922 og redaktør 1934–40 og 1948–53. Han moderniserte avisa og innførte preikekritikk som ny sjanger i norsk presse. Då den tyske hæren okkuperte Noreg 9. april 1940, la han og styret ned avisa dagen etter. Gula Tidend kom først i gang att 26. juni 1948. Både redaksjonssekretær Heming Skre og forretningsførar Magnus Tveiten miste livet i tysk fangenskap.
 
Etter nokre år i Verdens Gang redigerte Per Håland Gula Tidend i perioden 1954–79. Etter kort tid blei han berre heitande Gula-Per – skarp i replikken, respektlaus i omgang med maktutøving. Journalistisk fornya han avisa og innførte etter kvart gjeldande rettskriving.
 
Fleire kvinnelege journalistar fekk i 1910- og 20-åra si første arbeidstid i Gula Tidend, mellom dei Solveig Steinnes Lone og Ruth Alvsen. Olivia Lavik, kona til redaktøren, var ei tid også den faktiske forretningsføraren i Gula Tidend.
 
Særleg i åra fram mot 1920 var miljøet i Gula Tidend ein aksjonsarena i norsk målreising. Dette miljøet var då kjernen i Norsk Bladmannalag og utvikla både kravet om at nynorsk skulle vere einaste språket i Noreg, initiativet til den første norske journalistutdaninga, tanken om eit nynorsk pressekontor og ideen om oppslagsverket Norsk Allkunnebok.
 
Kjelder
Hans Fredrik Dahl ofl. (red.): Norsk presses historie, bd. 1–4. Oslo 2010
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010
Per Håland (red.): Gula Tidend i 75 år . Bergen 1979
 
Ottar Grepstad: Språkfakta 2010, Ivar Aasen-tunet, aasentunet.no, publisert 2010, http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=4395 [lesedato 02.02.2011]

Først publisert: 03.02.2011
Sist oppdatert: 26.05.2017