Faktaboks

Hardanger Folkeblad
Offisielt namn
HARDANGER FOLKEBLAD AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Odda
Stifta
24.04.1990
Dagleg leiar
Eivind Sjåstad
Styreleiar
Ole Morten Ringdal
Logo
Logo
Av .
Framsida av Hardanger Folkeblad 11. oktober 1955.
Hardanger Folkeblad/Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Hardanger Folkeblad er ei lokalavis som kjem ut i Odda to dagar i veka og dekkjer i hovudsak Ullensvang og Eidfjord kommunar. Avisa kjem ut både på papir og som nettutgåve. Avisa er eigd av Amedia AS.

Ansvarleg redaktør frå 2017 er Eivind Dahle Sjåstad.

Digitalt

Hardanger Folkeblad publiserer stoffet på digitale plattformer i takt med nyheitsstraumen. Ordninga med betalingsmur for ikkje-abonnentar gjeld det meste av stoffet. Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar av papirutgåva og publisering på nett er 9552 (fjerde kvartal 2023), ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.

Historie

Det første nummeret av Hardanger Folkeblad kom ut i Odda 8. juni 1940, som partiavis for Arbeidarpartiet, med Leif Granli som redaktør. Den nye avisa vart stansa av tyskarane allereie året etter. Arbeidarrørsla har frå tidleg på 1900-talet stått sterkt i Odda og prøvde fleire gonger å starte avis, men dei fekk alle kort levetid.

I 1946 kom Hardanger Arbeiderblad, oppretta som eit framhald av den tidlegare Hardanger Social-demokrat. Men denne avisa vart lagd ned i 1949 til fordel for Hardanger Folkeblad, som fekk ein ny start 24. juni 1949. «Odda og Tyssedal faglige utval» var utgivarar, og avisa skulle framleis vere organ for Arbeidarpartiet. I 1990 vart avisa kjøpt opp av A-pressa (no Amedia). Hausten same året vart konkurrenten i Odda, avisa Hardanger, lagd ned, og sidan har Hardanger Folkeblad vore einerådande i området.

I 1960-åra og utover var avisa tidleg ute med dei tekniske nyvinningane på den tida, med offset og tabloidformat. I 1995 vart produksjonen heildigital.

Hardanger Folkeblad har artiklar både på bokmål og nynorsk.

Opplag

Opplagstall for Hardanger Folkeblad, 1986-2022

1986 5495
1988 5590
1990 5635
1991 5852
1992 5919
1993 5940
1994 5951
1995 5835
1996 5847
1997 5598
1998 5879
1999 5867
2000 5876
2001 5816
2002 5766
2003 5731
2004 5705
2005 5638
2006 5574
2007 5538
2008 5499
2009 5400
2010 5326
2011 5142
2012 5023
2013 4866
2014 4674
2015 4514
2016 4639
2017 4712
2018 5007
2019 5159
2020 5399
2021 5278
2022 5303
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1950 2600
1960 3429
1994 5951
2008 5499
2015 4365
2016 4639
2017 4712
2018 5007
2019 5159
2020 5399
2021 5278
2022 5303
2023 5113

Frå 2020 vert netto opplagstal for både digitalt abonnement og papirabonnement nytta. Kjelda er opplagstala som avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforbund (MVL) for andre halvår.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Kjartan Rødland: «Hardanger Folkeblad», Norsk presses historie 1660–2010, bd. 4. Oslo 2010

Faktaboks

Hardanger Folkeblad
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.140 Utgivelse av blader og tidsskrifter

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg