Hopp til innhold
Hardanger Folkeblad sin logo.
Hardanger Folkeblad sin logo.
X
Innhald

Hardanger Folkeblad

Hardanger Folkeblad, A-presseavis som kjem ut i Odda og er einaste lokalavisa som dekkjer heile indre Hardanger/Sørfjorden.

 

Arbeidarrørsla har frå tidleg på 1900-talet stått sterkt i Odda og prøvde fleire gonger å starte avis, men dei fekk alle ei stutt levetid. Det første nummeret av Hardanger Folkeblad kom ut i Odda 8. juni 1940, som partiavis for Arbeidarpartiet, med Leif Granli som redaktør. Men den nye avisa vart stansa av tyskarane allereie året etter.
I 1946 kom Hardanger Arbeiderblad, oppretta som eit framhald av den tidlegare Hardanger Social-demokrat. Men denne avisa vart i 1949 lagd ned til fordel for Hardanger Folkeblad, som fekk ein ny start 24. juni 1949. «Odda og Tyssedal faglige utval» var utgivarar, og avisa skulle framleis vere organ for Arbeidarpartiet. I 1990 vart avisa kjøpt opp av A-pressa. Hausten same året vart konkurrenten i Odda, avisa Hardanger, lagd ned, og sidan då har Hardanger Folkeblad vore einerådande på staden.
I 1960-åra og utover var avisa tidleg ute med dei tekniske nyvinningane på den tida, med offset og tabloidformat. I 1995 vart produksjonen heildigital.
Hardanger Folkeblad kjem no ut måndag, onsdag og fredag. I 2013 var opplaget 4866 eksemplar.
Redaktør og dagleg leiar er Trygve D. Syse. Avisa har ei nettutgåve med variert innhald. Hardanger Folkeblad har artiklar både på bokmål og nynorsk.
Kjelder
Kjartan Rødland: «Hardanger Folkeblad», Norsk presses historie 1660–2010, bd. 4. Oslo 2010
Landslaget for lokalaviser, http://www.lla.no/ [lesedato 27.2.2014]

Peikarar

Først publisert: 27.02.2014
Sist oppdatert: 25.03.2014