Hopp til innhold

Horda Tidend

Horda Tidend kom ut på Voss frå 1929 til 1989 og var ein oppfølgjar av Vossingen, som vart utgitt mellom 1925 og 1929. Avisa var eit bondeorgan for Voss og Hardanger og partiavis for Senterpartiet.

Horda Tidend kom ut under namnet Vossingen 1. september 1925, men skifta namn i april 1929. Avisa gjekk over frå gotisk til latinsk skrift i 1928. Både Vossingen og Horda Tidend vart redigerte på nynorsk og kom ut to dagar i veka. Horda Tidend var i all tid ei nr. 2‑avis på Voss, etter venstreavisa Hordaland, som vart utgitt frå 1883.

I 1932 hadde avisa eit opplag på omkring 1000, om lag 1700 i 1950 og litt i underkant av 1800 i 1983. Avisa streid med å kome over 2000 før i 1987, då opplaget var 2413.

Okkupasjonsmakta stoppa utgivinga i august 1941, og det første nummer etter krigen kom ikkje før 22. april 1949.

Frå 1949 til 1981 redigerte den meiningssterke og uredde sauebonden Johs. K. Ringheim avisa, og i redaktørtida hans var ho særleg eit talerøyr for sauehald. For å vere oppdatert på den politiske situasjonen i landet generelt og på Senterparti-politikk spesielt tok avisa i mot stoff frå sjølve bindeleddet mellom avisene og partiet: Bondepartiets Pressekontor, som vart skipa i 1948. Ved sida av at Hordaland kom ut med berre to nummer i veka, var det sterke fokuset på sauehald ein grunn til at Horda Tidend greidde seg så lenge som nr. 2‑avis.

Fem redaktørar prøvde i perioden 1981 til 1989 å berge avisa frå å verte lagd ned. Mellom anna sa avisa seg politisk uavhengig, ho fekk nye eigarar, gjekk over frå fullformat til halvformat og endra utforming. Opplaget steig, men likevel gjekk Horda Tidend inn etter ei styrt avvikling 6. januar 1989.

I 1983 fekk avisa Voss næringssamskipnad sin pris for opplagsauke og ny giv.

Kjelder

Terje Eggum: «Horda Tidend», i Idar Flo (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra A til Å, bd. 4. Oslo 2010

Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010

Guri Hjeltnes (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Imperiet vakler 1945–2010, bd. 3. Oslo 2010

Rune Ottosen (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Presse, parti og publikum 1880–1945, bd. 2. Oslo 2010

Først publisert: 26.07.2017
Sist oppdatert: 26.07.2017