Hopp til innhold
X
Innhald

Hordaland

Den tradisjonsrike avisa Hordaland på Voss er ei av dei fremste og mest solide lokalavisene på Vestlandet. Avisa har fått mange prisar, står sterkt i nedslagsfeltet og insisterer på å vere uavhengig av dei store konserna.

Avisa er, saman med avisa Sunnhordland, den eine av to leiande aviser i Hordaland utanom Bergen. Namnet Hordaland var på plass som namn på avisa 26 år før Søndre Bergenhus amt i 1919 bytte til det nye fylkesnamnat, Hordaland fylke.

I Hardanger og på Voss blei det starta bygdeblad tidleg. Vossingen kom i 1871, og eit godt tiår etter, i 1883, kom det seinare Hordaland sin forløpar, Vossebladet.

Bladet ble skipa av «Voss 17-mai-forening». Den første tida blei det trykt hos J.W. Eide i Bergen, men frå august 1886 blei det trykt i eige trykkjeri på Vossevangen av P.J. Melvær, som også styrte bladet. Frå oktober 1892 blei Nils Bjørgum styrar og utgivar, og ved nyåret 1898 kjøpte Olaus Alvestad og Lorentz Nybø bladet og trykkjeriet. Den store vosseavisa har hatt den same eigarfamilien sidan 1898.

I 1889 auka avisa frå éi til to utgåver i veka. I 1916 fekk lesarane avisa tre gongar i veka. Etter få år, og i kraft av å vere åleine i dei indre bygdene i nordfylket, famna bladet langt meir enn Voss. Slik fall det naturleg for Vossebladet å hente fram eit nytt bladnamn, Hordaland, frå 1893.

Avisa var eit svar på høgrekreftene si bladbygging på Voss sidan 1878. Vossebladet var eit resultat av venstrefolket si motmobilisering. Bladstyrarane i avisa Hordaland blei då også vaktmeistrar for motkreftene i norsk politikk, i første rekkje målsaka og fråhaldssaka. Hordaland kom ut gjennom alle dei fem krigsåra, dei tre siste under NS-redaktørar.

Avisa kom i 1992 inn i eige hus på Svartenakken, kloss i Voss sentrum. Hordaland er ei av få aviser som framleis syter for prentinga sjølv, i eit moderne prenteverk under eige tak. Frå 2003 har avisa kome ut i tabloid format.

I 2008 feira Hordaland 125 år og blei i jubileumsåret utnemnd til Årets avis. Også seinare har avisa teke godt for seg av dei årlege medieprisane. Hordaland på Voss er ei familieverksemd med lange tradisjonar. I dette biletet høyrer også uvanleg stabile opplagstal. Dei nesten 10 000 prenta avisene blir distribuerte frå Indre Sogn til Bergen og sørover til nordsida av Hardangerfjorden, tre gonger i veka. Halve opplaget blir distribuert til tingarar utanfor kjerneområdet.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 11.12.2017
Sist oppdatert: 11.12.2017