Hopp til innhold
X
Innhald

Jærbladet

Jærbladet, politisk uavhengig avis utgitt på Bryne, skipa i 1949 og med nynorsk som dominerande målform.

Første prøvenummeret av Jærbladet kom 31. oktober 1949. Frå 13. desember kom avisa regelmessig med to nummer i veka. Redaktør og skipar var Jon Fatnes, som nokre år hadde vore Sandnes-korrespondent for Stavanger Aftenblad, og som i 1936 hadde grunnlagt avisa Hallingdølen i Ål.
Fatnes var redaktør til han døydde i august 1979. Nokre månader seinare tok Jostein Fylling over redaktørstolen og vart sitjande til 1995. Deretter følgde Ivar Rusdal fram til 2008. Redaktør frå mai 2008 er Kjell Olav Stangeland.
Kommunane Time, Hå og Klepp er det sentrale nedslagsfeltet. Men avisa har etter kvart også strekt seg mot Sola og Sandnes. Frå 1. september 1986 har Jærbladet kome med tre nummer i veka, frå 2004 i tabloidformat. Sidetalet ligg i dag gjerne mellom 32 og 48.
Til å byrje med var det historiske artiklar og nyhende som fylte sidene, ved sida av annonsar. Etter kvart vart stofftilfanget meir variert. Både kultur og sport fann sin plass i spaltene, overskriftene voks, bileta vart større og lesarbreva fleire. Nynorsk har heile tida vore den dominerande målforma, og avisa frå starten av vore politisk nøytral.
Jærbladet byrja med éin skrivande medarbeidar, redaktøren. I jubileumsåret 1999 hadde avisa ni journalistar, redaktøren medrekna, og 18 tilsette i marknadsavdeling, elektronisk produksjon og ekspedisjon. Utgjevar er Jærbladet AS.
Opplaget låg lenge på rundt 4000. Då Fatnes døydde i 1979, var det kome opp i 8000. I 1983 var opplaget vel 11 000, dei seinare åra har det lege på rundt 13 000.
Den første tida vart Jærbladet prenta på ei lita presse hos bokhandlar Jonas Jørstad på Bryne. Seinare skjedde trykkinga hos Jærprent AS, som midt i 1950-åra fekk ei flatrotasjonspresse som gjorde det mogleg å utvide sidetalet frå fire til åtte. I 1974 gjekk avisa over til offset i Rogalands Avis, og frå 1995 har Jærbladet vore prenta hos Dalane Tidende i Egersund.
Kjelder
GF [Gudleiv Forr]: «Jærbladet», i Idar Flo (red.): Norsk presses historie, bd. 4. Oslo 2010
Jostein Fylling: Avisa på Jæren. Jærbladet 50 år. 1949–1999. Bryne 1999
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
Magnus Jonsbråten: «Jærbladet». I Torleiv Aarrestad mfl. (red.): Time herad. Fram til 1987. Time kommune 1982
Birger Lindanger og Jørg Eirik Waula: Time. Gard og ætt. Bd. 1. Time kommune 2004
Peikarar
Nettstaden til Jærbladet

Først publisert: 11.04.2012
Sist oppdatert: 08.05.2013