Hopp til innhold
X
Innhald

Jol i Sogn

Jol i Sogn, julehefte som har kome ut i Sogn dei fleste år sidan 1930.

Jol i Sogn vart i byrjinga utgitt av boktrykkjaren Ingvald Husabø i Vik i Sogn. I 1935 tok Sogn Ungdomslag over som utgivar. Bladet vart stogga i 1940, men kom i gang att i 1947. Etter årgangen 2001 stogga det på grunn av dårleg økonomi, men i 2008 tok Sogn og Fjordane Ungdomslag opp att bladet, med ønske om årviss utgiving framover.
 
På framsida av Jol i Sogn er det eit foto frå Sogn eller ei teikning. Alt i 1947 kom det første omslaget i fargar. Innhaldet har for det meste vore kulturhistorisk og litterært stoff frå Sognebygdene, ført i pennen av lokale skribentar som Sigurd Kvåle, Magne Wergeland, Ivar Kleiva, Anders Ohnstad, Ingemar Nordstrand, Einar Svartefoss, Jens Brekke og mange fleire. Her finst lokalhistoriske artiklar, minneord, juleforteljingar, dikt, småstubbar og anna forteljande småstoff. Fram til 1990-åra var det annonsestoff på dei siste sidene. Bladet er gjennomillustrert med bilete og teikningar.
 
Kjelder
Jol i Sogn, årgangane 1930–2008
 
Peikarar

Først publisert: 10.09.2009
Sist oppdatert: 24.01.2018