Faktaboks

Johannes Farestveit
Fødd
11. mars 1923, Modalen, Vestland
Død
16. september 1995, Larvik, Vestfold og Telemark

Johannes Farestveit var forleggjar og redaktør. Som forleggjar hadde han teft for omsette nynorske spenningsbøker for born. Mest kjend er han som redaktør i Norsk Barneblad, dessutan var han teikneserieforfattar og omsetjar.

Farestveit var fødd i Modalen i Nordhordland. I 1956 tok den 33 år gamle læraren over som redaktør og disponent i Norsk Barneblad, eit arbeid han hadde fram til 1979. Han moderniserte bladet og sleppte til lesarane, mellom anna i diskusjons- og vitsespalter. Bladet hadde likevel eit sterkt skjønnlitterært preg, særleg var det kjent for spennande føljetongar.

Som forleggjar knytte Farestveit til seg norske forfattarar som Johannes Heggland, Arvid Hanssen, Ola Jonsmoen og Sigbjørn Heie, og han omsette sjølv fleire amerikanske bøker. Han fekk Solveig Muren Sanden til å illustrere Norsk Barneblad og bøkene frå Norsk Barneblads Forlag. Mesteparten av tida samarbeidde dei to om teikneseriane Smørbukk og Tuss og Troll, han som tekstforfattar og ho som illustratør.

For omsetjingane sine fekk Farestveit Nynorsk barnelitteraturpris i 1970 og Kyrkje- og undervisningsdepartementet sin omsetjarpremie i 1973. Same året fekk han og Solveig Muren Sanden, som dei aller første, Kyrkje- og undervisningsdepartementet sin teikneseriepremie – for teikneserien Smørbukk. Farestveit fekk Bastianprisen for omsett barnelitteratur i 1984. Han var æresmedlem i Smørbukks Vener.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Olav Norheim: Smørbukk 70 år. Oslo 2008

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg