Hopp til innhold
X
Innhald

Jul i Nordfjord

Jul i Nordfjord, julehefte som har kome ut i Nordfjord dei fleste år sidan 1936.

Jul i Nordfjord vart første gongen utgitt av Erik Fønstelien Bokhandel i Måløy i 1936, men det vart med den eine årgangen. I 1940–46 stod bladet Kolbein Sterke, ved redaktør K. Sølvberg i Stryn, som utgivar, deretter låg heftet nede ei tid. I 1956 tok Firda Ungdomslag til å gi ut heftet, men sidan 2004 har Nordfjord Folkemuseum og Nordfjord Sogelag vore utgivarar. Innhaldet har for det meste vore kulturhistorisk og litterært stoff frå bygdene i Nordfjord i ymse sjangrar, til dømes dikt, noveller, småforteljingar og historiske skildringar, alt ført i pennen av lokale skribentar som Abraham Bergset, Anders Olai Rindal, Leif Arnold Loen, Hans Eirik Endal, Reidar Djupedal, Jon Tolaas, Petter Eide, Ove Eide og mange fleire.
 
Kjelder
Jul i Nordfjord, årgangane 1936–2008
 
Peikarar
Fjognedok, database over lokalhistoriske artiklar frå Sogn og Fjordane

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 08.05.2013