Hopp til innhold
X
Innhald

Kongsberg Blad

Kongsberg Blad tok til som Venstre-avis i 1887, men fekk ei omskifteleg historie, med fleire namneskifte og samanslåingar. Redaktør Martinius Vanberg styrte avisa i 34 år, og familien Vanberg skapte eit heilt avisdynasti på Kongsberg. Men avisdrifta tok slutt i 1960.

Hausten 1887 fekk Venstre samla inn nok pengar til eit bladselskap, og det første nummeret av Kongsberg Blad kom 1. oktober, med bok- og papirhandlar Helge Johansen Bogen som utgivar. Broren Anders Bogen var typograf, og han stod for setjing og trykking. Denne Bogen blei seinare stortingspresident for Arbeidarpartiet i 1919, etter å ha gjort karriere som mellom anna avisredaktør for Social-Demokraten i Kristiania og Ny Tid i Trondheim.

 

I 1907 blei Martinius Vanberg redaktør. Avisa hadde slite dei føregåande åra med hyppige redaktørskifte. Vanberg, som var utdanna i det grafiske faget, kjøpte avisa og gjekk over til éi dagleg utgåve. Samtidig bytte avisa namn til Kongsberg Dagblad, etter forslag frå Knut Hamsun, som då skreiv romanen Rosa på eit hotell i byen. Vanberg blei opphavet til eit lite avisdynasti på Kongsberg. Sønene Malm, Bent og Stig blei alle pressefolk. Far og son Vanberg hadde opp gjennom åra fleire medredaktørar og politiske redaktørar ved sida av seg. Vi kan nemne forfattaren M.B. Landstad, R.L. Eide, Otto Monsen, Einar Vinbæk og Arve Kværnum. Frå 1924 var avisa organ for Venstre i Buskerud, etter at Buskeruds Amtstidende hadde gått inn. Samtidig blei Buskerud Dagblad etablert som ei parallellavis, som skulle dekkje landsbygda. Avisa var i åra før blitt rekna som organ for målrørsla i fylket. Avisa forfekta òg fråhaldssynspunkt.

 

I 1942 blei Kongsberg Dagblad stoppa, og Martinius Vanberg var blant dei første pressefolka som blei arresterte. Avisa starta opp att i 1945, men blei ein svak konkurrent til den dominerande Laagendalsposten. Frå 1952 gjekk Buskerud Dagblad over til å bli organ for Bondepartiet i fylket. Etter nokre år sa Buskerud Bondeparti opp avtalen med Kongsberg Dagblad, og partiet starta i 1957/58 opp att avisa Kongsberg Tidende / Buskerud Bygdeblad, som hadde lege nede sidan krigens dagar.

 

Avistradisjonen var sterk i familien Vanberg, og det var svært tungt for Malm Vanberg å gi opp Kongsberg Dagblad i 1960. Men trykkjeriverksemda heldt fram med stor suksess i lokala i Myntgata. Etter at Malm døydde, overtok sonen Marcel firmaet, som tredje generasjon, under namnet M. Vanbergs Trykkeri AS. Seinare blei det Vanberg AS, som er ein del av Prinfokjeda.

Litteratur

Buskerud krets av Norsk Presseforbund: Pressen i Buskerud. Drammen 1947


Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017