Hopp til innhold
X
Innhald

Kvinnheringen

Kvinnheringen, lokalavis på Husnes i Sunnhordland. Avisa vart i 2015 tildelt prisen beste lokalavis i Europa i European Newspaper Award.

I slutten av 1960-åra kom det nytt aluminiumsverk på Husnes, og det var stor tilflytting til staden. Det var marknad for ei lokalavis, og det første nummeret av Kvinnheringen kom ut 3. januar 1973. Utgivar og eigar var den unge boktrykkjaren Kristian Hus. Torfinn Myklebust var redaktør. Den første tida hadde han ikkje noko kontor og redigerte avisa i sin eigen heim.

Frå før var Husnes dekt av lokalavisa Grenda i Rosendal eit par mil lenger nordaust, men Kvinnheringen voks seg snart større enn konkurrenten og vart ei avis for heile Kvinnherad kommune.

Kvinnheringen vart aksjeselskap i 1976. I 1998 tok A-pressekonsernet over avisa, men ho heldt fram med å vere partipolitisk uavhengig.

Avisa kjem no ut kvar måndag, onsdag og fredag. Redaktør og dagleg leiar er Mona Grønningen. Opplaget i 2018 var 4408 eksemplar. Avisa har ei nettutgåve, men har framleis brorparten av det journalistiske innhaldet i papiravisa.

Kvinnheringen vart i 2015 tildelt prisen for beste lokalavis i Europa i European Newspaper Award. I 2019 vart Kvinnheringen kåra til Årets lokalavis av Landslaget for lokalaviser.

Kvinnheringen vert redigert på nynorsk.

Kjelder

Kjartan Rødland: «Kvinnheringen», Norsk presses historie 1660–2010, bd. 4. Oslo 2010

Landslaget for lokalaviser, http://www.lla.no/ [lesedato 27.2.2014]

Peikarar

Nettstaden til Kvinnheringen


Sist oppdatert: 08.11.2019