Hopp til innhold
X
Innhald

Laagen

Laagen skulle vere bonderørsla sitt blad i Gudbrandsdalen, men blei skjemt ut av dei NS venlege synspunkta til styreformannen, Erling Bjørnson. Diskré hjelp til motstandsarbeidet under krigen var ikkje nok til å berge avisa sitt gode namn og rykte.

Laagen på Lillehammer kom ut med det første nummeret i 1923, som organ for Noregs Bondelag i Gudbrandsdalen. Erling Bjørnson (1868–1959) var krafta bak og skreiv hovudartikkelen i det første nummeret. Han var den yngste sonen til Karoline og Bjørnstjerne Bjørnson, dreiv mønstergarden Aulestad og var aktiv innanfor landbruksorganisasjonane.

 

Ein del bønder ville heller styrkje avisa Gudbrandsdølen. Bjørnson vann fram med sine argument om at bøndene ikkje kunne finne seg i å vere utan eige blad, og blei formann i utgivarselskapet AS Bøndernes Blad til Laagen gjekk inn.

 

Redaktøren i Laagen, Ivar Høvik (1891–1970), var frå Eksingedalen i Nordhordland. Før han kom til Lillehammer for å leie oppbygginga av Laagen, var han redaktør i Agder Tidend.

 

Frå 1. oktober 1924 blei Laagen dagsavis. Gudbrandsdølen blei pressa til å gjere det same, sjølv om økonomien ikkje tilsa at det var fornuftig. Laagen styrkte stillinga som den største avisa i dalen då bladet hausten 1928 fekk avdelingskontor på Otta, med Sigurd Skogheim som styrar. Skogheim blei seinare redaksjonssekretær i avisa og etter krigen redaktør i Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer. Då Hans P. Lødrup i 1930 kjøpte begge desse avisene og slo dei saman til Gudbrandsdølen, fekk Laagen ny konkurranse.

 

I 1930-åra tok Erling Bjørnson sine NS‑venlege synspunkt å bli merkbare. Styreformannen var aktiv skribent, frå kronikkar om internasjonal politikk til lokale vegproblem. Bjørnson hadde stor innverknad på avisa. Fekk han fleirtalet i styret imot seg, sette han i verk sitt eige forslag. Det galdt mellom anna løyvingar til Frontkjemparkontoret i siste del av krigen.

 

Men Høvik sine artiklar under krigshandlingane i 1940 var verken tysk- eller NS‑venlege. Redaktøren håpte på snarleg hjelp frå vestmaktene. Han melde seg inn i NS i 1940, men utover gjennom krigen fekk han fleire korreksar frå styresmaktene for at han ikkje gjorde nok for å styrkje og støtte partiet.

 

På Lillehammer blei avisgarden til Laagen sedd på som eit skikkeleg NS‑reir. Men det gjekk føre seg mykje i huset som folk ikkje kjende til. Redaktøren gjekk alltid for å ta ein kopp kaffi når tida for London-nyhenda nærma seg. Då kunne medarbeidarane gå inn på kontoret hans og slå på radioen. Tilsette sende nyhenda vidare til den illegale pressa. Kontorsjef Solveig Nabseth var mest aktiv i dette arbeidet.

 

Frå hausten 1944 og resten av krigen var Laagen den einaste avisa på Lillehammer. Gudbrandsdølen stoppa på grunn av papirmangel. Laagen kom ut med sitt siste nummer 8. mai 1945, redigert av Sigurd Skogheim. Styreformann Bjørnson og redaktør Høvik forlét avisa 7. mai.

 

Etter krigen overlét Heimefronten det som var att av Laagen til nyskapinga Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017