Hopp til innhold

Maal og Minne

Maal og Minne, fagtidsskrift for norsk språk, utgitt av Bymålslaget.

Maal og Minne vart grunnlagt av professor Magnus Olsen i 1909 og har heile tida vore knytt til Bymålslaget. Olsen var professor i gamalnorsk og islandsk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo 1908–48. Bymålslaget og Landsmålslaget sprang ut av Det Norske Samlaget og hadde i oppgåve «å styrke og fremhjelpe det som norsk er – Landsmålslaget med bygdemålene som utgangspunkt, Bymålslaget ut fra bymålene».
Maal og Minne har høg status i fagmiljøa og dekkjer det tradisjonelle nordisk-faget, med unntak av nyare litteraturvitskap, som sidan 1916 har vore dekt av tidsskriftet Edda.
Magnus Olsen var redaktør fram til 1950. Sidan har det til kvar tid vore to redaktørar, ein med særleg kompetanse i norrøn filologi, ein med særleg kompetanse i nyare nordisk språkvitskap. Redaktørar har vore Ludvig Holm-Olsen og Trygve Knudsen (1951–1967), Ludvig Holm-Olsen og Einar Lundeby (1968–1984), Bjarne Fidjestøl og Einar Lundeby (1985–1994), Einar Lundeby (1994), Odd Einar Haugen og Einar Lundeby (1995), Odd Einar Haugen og Kjell Ivar Vannebo (1996–2005). Frå 2006 har redaktørane vore Jon Gunnar Jørgensen og Lars S. Vikør. I tillegg til redaktørane har tidsskriftet eit redaksjonsråd.
Fram til 1972 vart tidsskriftet gitt ut av Bymålslagets forlag i kommisjon hos H. Aschehoug & Co. Frå 1972 kom tidsskriftet ut på Det Norske Samlaget. Frå 2010 har tidskriftet kome ut på forlaget Novus.
Kjelder
Ruth Vatvedt Fjeld: «Bymålslaget 100 år», Språknytt nr. 2/2002
Einar Lundeby: Bymålslaget og Maal og Minne. Et 100-årsjubileum. Oslo 2002
Maal og Minne nr. 1/2009 (jubileumsnummer)
Bente Hennie Strandh: «Bymålslaget – 100 år i Knud Knudsens fotspor», Uniforum nr. 6/2002

Først publisert: 26.08.2011
Sist oppdatert: 08.05.2013