Hopp til innhold

Magasinett

Magasinett, eit nynorsk nettmagasin for ungdom.

Magasinett er eit nynorsk nettmagasin for ungdom i ungdomsskulen og vidaregåande skule. Om lag 15 forfattarar, journalistar og skribentar leverer tekstar til nettstaden, som blir oppdatert to til fire gonger i veka.
Nettstaden vart oppretta i 1997 av Noregs Mållag med Vidar Høviskeland og Gerhardt Stoltz som dei første redaktørane.  I dag blir nettmagasinet drive av ei stifting skipa av Noregs Mållag og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).
Artiklar, Synsingar, Skrivekløe og Forfattarpraten er nokre av dei faste spaltene eller menypunkta. Teikneserie har nettstaden også, og Lærarrommet, med tips for lærarar. Dei siste åra har Magasinett hatt skrivetevlingar for ungdom, og i 2010 vart det starta ein blogg der ungdom kan skrive om emne dei er opptekne av. Magasinett profilerer seg også på Facebook og Twitter.
Magasinett har motteke støtte frå Kunnskapsdepartementet, Norsk kulturråd og LNK. Norsk Plan as i Suldal har ansvar for rekneskap, kontor og administrasjon. Redaktør for Magasinett i 2011 er Elin Moen Karlsen.
                                                                                             
Kjelder
Årsmeldingar frå Norges Mållag 2000–2010
Magasinett, nettstad, http://www.magasinett.no/ [lesedato 15.9.2011]
Peikarar

Først publisert: 15.09.2011
Sist oppdatert: 01.11.2013