Hopp til innhold
X
Innhald

Mål og makt

Mål og makt, tidsskrift utgitt av Studentmållaget i Oslo, det fremste nynorske språktidsskriftet i Noreg.

Mål og makt har i to periodar vore tidsskriftet til Studentmållaget i Oslo. Det kom første gongen ut frå september 1934 til hausten 1935. Redaktør var Tønnes Sirevåg, redaksjonssekretær var Einar Karstad, seinare Ove Bakken. Bladet skulle ta opp målteoretiske spørsmål og vere eit talerøyr for målstudentane ved universitetet. Det kom ut seks nummer. Første nummeret var ein suksess, også økonomisk, men i lengda bar ikkje bladet seg, og det måtte leggjast ned.
I 1971 starta Studentmållaget i Oslo eit nytt tidsskrift, Sentrum og periferi. Året etter skifta det namn til Mål og makt og knytte slik banda tilbake til 1930-åra. Opplaget låg rundt 1500. Fram til 1998 var tidsskriftet først og fremst eit språkideologisk tidsskrift. Seinare har det i noko større mon teke opp også andre emne.
I skriftstyra og mellom forfattarane finn vi mange personar som seinare har markert seg i målrørsla, i den akademiske verda eller i norsk samfunnsliv elles. Nivået i tidsskriftet har vore høgt.
I 2012 definerer Mål og makt seg som «eit blad for alle som er interesserte i språk, språkdebatt, kulturkamp, motkulturelle ståstader». Eit skriftstyre har det redaksjonelle ansvaret for tidsskriftet, som kjem med fire nummer i året. Opplaget er 750.
Mål og makt har ofte gitt ut temabaserte nummer. Døme på emne opp gjennom åra: Mål og målstrid på Austlandet, målet i Oslo og Bærum, nordnorsk målreising, mediespråk, lese- og skriveopplæring på dialekt, språkhaldningar, målreising mellom krigane, Ivar Aasen, fiendane til målreisinga, språkplanlegging, språk og kjønn, tospråklegheit, målpressa, bokmålet, barn og språk.
Kjelder
Olaf Almenningen mfl. (red.): Studentar i målstrid. Studentmållaget 1900–2000. Oslo 2003
Olav Dalgard mfl. (red.): Studentmållaget 50 år. 1900–1950. Oslo 1952
Mål og makt, 1934–35
Mål og makt, 1972–2012
Sentrum og periferi, 1971
Peikarar

Først publisert: 07.09.2012
Sist oppdatert: 08.05.2013