Hopp til innhold
X
Innhald

Melhusbladet

Melhusbladet, politisk ubunden lokalavis skipa av Åsmund Snøfugl i 1979 og med nynorsk som mykje brukt målform. Avisa skifta namn til Trønderbladet i 1986.

Melhusbladet var ei lokalavis som vart skipa i Melhus i Sør-Trøndelag av Åsmund Snøfugl. Han var ein røynd avismann og forleggjar og meinte at marknaden låg til rette for å etablere ei ny avis i Gauldalen. Det første nummeret kom ut 14. mars 1979. Åsmund Snøfugl var redaktør i Melhusbladet frå 1979 til 1986.
Kommunen Melhus var nedslagsfeltet for Melhusbladet, og avisa fekk tidleg eit godt fotfeste i lokalmiljøet. I 1984 var nettoopplaget 3589 aviser. Melhusbladet kom med tre nummer i veka. Stoffet som vart publisert i tillegg til annonsar, var nyhende, sport, kultur og historiske artiklar. Kolofonen, leiarane og noko av avisa sitt eige stoff var på nynorsk, men det var ikkje den dominerande målforma. Avisa var partipolitisk ubunden.
I 1986 ekspanderte dei sørover mot Midtre Gauldal kommune, då leiinga kjøpte opp lokalavisa Gauldalsposten. I samband med oppkjøpet skifta avisa 20. september 1986 namn til Trønderbladet. Etter kvart vart også kommunane Klæbu og Skaun nedslagsfelt for avisa.
Åsmund Snøfugl var redaktør i Melhusbladet frå 1979 til 1986, og han heldt fram med redaktørjobben i Trønderbladet i ti år, frå 1986 til 1996. I 2001 etablerte han ein konkurrent i Melhus med vekeavisa Gaula.
Kjelder
E-post frå Åsmund Snøfugl 14.3.2012
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, elektronisk utgåve, Ivar Aasen-tunet: http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=452&id=441#tabellar [lesedato 15.5.2012]

Først publisert: 14.11.2012
Sist oppdatert: 08.05.2013