Hopp til innhold
X
Innhald

Midnattsol

Midnattsol, eit frilyndt nynorsk ungdomsblad som kom ut i Harstad frå 1916 til 1963.

 

Tidleg på 1900-talet oppstod det eit landsmålsmiljø i Lofoten og Vesterålen som mellom anna gav ut blad og aviser. Eit av desse blada var ungdomsbladet Midnattsol i Harstad, som vart eit bindeledd for målfolket i landsdelen. Etter eit prøvenummer i 1915 kom bladet ut regelmessig éin gong i veka. Det var på fire sider og hadde undertittelen «Ungdomsblad for Nord-Norig».
Midnattsol var ei tid det største frilynde ungdomsbladet i landet. Ingvald Forsberg var den første redaktøren. Hans Eidnes, seinare stortingsrepresentant og leiar i Noregs Mållag, redigerte bladet i åra 1919–29. Frå 1933 til slutten av 1940-åra gav Midnattsol ut juleheftet Jul i Hålogaland. Bladet vart i periodar støtta økonomisk av ungdomslaga i Lofoten, Vesterålen og Troms.
I 1941 valde bladet å stoppe heller enn å la seg presse til å ta inn stoff som okkupasjonsmakta ville ha dei til å trykkje. I oktober 1945 var bladet tilbake, men kom noko uregelmessig dei første etterkrigsåra, for så å kome regelmessig annakvar veke. Opplaget var då noko under 6000 eksemplar.
Men utover i 1950-åra miste nynorsken mange av dei skansane han hadde vunne i Nord-Noreg. Det fekk også Midnattsol merke. Det vart underskot, tingarar fall frå, og redaktør gjennom mange år, Marius Evjeberg, trekte seg i 1963. Nummeret som kom 21. desember 1963, vart det siste som Evjeberg redigerte.
Kjelder
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
Årgangar av Midnattsol på Aasen-tunet

Først publisert: 27.02.2014
Sist oppdatert: 07.08.2019