Hopp til innhold
X
Innhald

Møre

Møre, lokalavis for Søre Sunnmøre, med røter attende til 1810.

Møre er ei lokalavis som kjem ut i Volda kommune i Møre og Romsdal. Avisa vart grunnlagd av Maurits Aarflot, og det første ordinære nummeret kom 3. januar 1903. Maurits Aarflot var sjølv utgivar og redaktør, og den nye avisa kom ut éin gong i veka. Innhaldet var den første tida mest på dansk-norsk, men 2. juli 1910 skreiv redaktøren at frå då av skulle Møre ha landsmål som redaksjonell målform. Frå denne datoen kom avisa ut to gonger i veka, frå 1916 tre gonger i veka.

Opplaget for 2013 var 3449eksemplar. Møre kjem ut tre gonger i veka, tysdag, torsdag og laurdag. Avisa har ei open nettutgåve, men har ikkje teke steget over til å satse på eigenprodusert, digitalt innhald.

Sidan 1997 har Tore Aarflot vore redaktør. Han er tipptippoldebarn etter Sivert Aarflot.

Nynorsk er den redaksjonelle målforma.

Slapp krigstiltale

Maurits Aarflot sat som redaktør til 1936, då sonen Sivert Aarflot overtok redaktøransvaret. I 1940 overtok broren Rasmus Aarflot, som sat heilt til han døydde. Avisa kom ut under heile verdskrigen. Redaktøren trykte det han måtte trykkje, men ikkje alltid på den måten dei tyske okkupantane ønskte det. Etter krigen var Møre blant dei avisene som slapp tiltale i avisoppgjeret. I etterkrigstida vart bondeprofilen sterkt nedtona. Det same galdt det nasjonale og internasjonale stoffet, medan det reine lokalstoffet fekk stadig større vekt.

Rasmus Aarflot sat som redaktør heilt til han brått døydde i 1966. Etter nokre år med redaktørar utanfor Aarflot-familien overtok i 1997 Tore Aarflot, son til Rasmus Aarflot, redaktøransvaret. Det er framleis Aarflot-familien som eig avisa, som dermed er ei av dei svært få familieeigde avisene i landet. I 2013 tok Tore Aarflot og dottera Tonje Marie L. Aarflot over alle aksjane i Aarflots Prenteverk AS.

Røter tilbake til 1810

Avisa vende seg først og fremst til bøndene, både ved at ho skreiv om praktiske, matnyttige emne, og ved at ho redaksjonelt støtta Noregs Bondelag og Bondepartiet. Opplaget var til å begynne med nokre få hundre, men har sidan stige jamt og passerte 1000 eksemplar under andre verdskrigen.

Under tittelhovudet til Møre står det «Norsk Landboeblad (1810) – Landboeavisen – Postbudet – Ugebladet». Avisa tilhøyrer ein lang avistradisjon, mellom dei eldste i heile landet, og har ei direkte linje attende til den første avisa som kom ut i Distrikts-Noreg.

Folkeopplysningsmannen Sivert Aarflot, grunnla i 1809 det første prenteverket på den norske landsbygda, og i åra 1810–16 gav Aarflot ut Norsk Landboeblad.

Sonen Rasmus Aarflot gav ut Landboeavisen i åra 1833 til 1844. Sonesonen Maurits A. Aarflot gav ut Postbudet frå 1845 til 1868, og Ugebladet frå 1888 til 1902. Same året selde han prenteverket til brorsonen, Maurits Aarflot, som starta avisa Møre. Avisa har no hatt same namnet i over hundre år.

Også prenteverket frå 1810 følgde avisene, med nødvendige moderniseringar undervegs. I 1935 flytta avisa og prenteverket frå Ekset dei tre kilometrane inn til Volda sentrum. I 2003 vart trykkinga av Møre overteken av Polaris Trykk Ålesund AS.

Kjelder

Idar Flo: «Møre», Norsk presses historie 1660–2010, bd. 4. Oslo 2010

Øystein Sande: «Med Møre i 100 år», Voldaminne. Volda 2002

lla.no

Peikarar

Nettstaden til Møre

Først publisert: 05.02.2014
Sist oppdatert: 13.08.2015