Hopp til innhold
X
Innhald

Nordhordland

Avisa Nordhordland har sidan 1970-åra tevla med konkurrenten Strilen om det aukande talet på lesarar i Nordhordland. Frå lokalt eigarskap er avisa i dag ein del av Amedia-konsernet.

Omkring 1960 var Knarvik nokre få hus langt ute i utmarka. Men på denne tida var dei ferdige med ny veg frå den gamle ferjestaden Isdalstø til ny og stor ferjestø i Knarvik. Fire år seinare kom kommunereguleringa som fekk rydda opp i gamle grenser.

Det var hendingar som endra det meste. Knarvik voks opp til å bli ein hovudstad for heile distriktet. Ferjestøa blei den travlaste i landet, og var det heilt til Nordhordlandsbrua tok over i 1994. I mange år hadde distriktet vore i jamn tilbakegang. Folketalet i distriktet var rundt 20 000 menneske. Ein mannsalder seinare var det auka til bortimot 30 000.

Mongstad-utbygginga og ikkje minst raske og sterke forbetringar på kommunikasjonssida stimulerte veksten.

For første gong fekk distriktet eigne lokalaviser. Først kom bladet Strilen, som hadde tyngdepunktet lenger nord på Lindås-halvøya. Men i 1974 fekk dette bladet konkurranse av det nyskipa Nordhordland. Det var eigarane av Nordhordland Forlag som stod bak, og dei starta i det små. Eit rom på 50 kvadratmeter var alt dei hadde. Avisa blei leigetrykt ved Nortrykk i Alversund, og redaktør Terje Vetås var temmeleg åleine om å lage avisa.

Nokre var nok redde for at to aviser kunne ta livet av kvarandre, og dei snakka om at det var reine folkeopprøret for Strilen og mot Nordhordland. Men starten var god. Frå eit opplag til å begynne med på 600, auka det raskt på til 1000 og vidare oppover.

Begge avisene har hovudkontor i Knarvik, og dei vender seg til heile Nordhordland og Ytre Sogn. Men Nordhordland står nok sterkast i dei nye gruppene av «strilar», unge familiar som flyttar ut frå bergensområdet.

Avisa fekk ein god start ved valet av trykkjeri. Sjølv om det i den første tida var tradisjonell produksjon i bly, var trykkjekvaliteten betre, ikkje minst for bileta. Nordhordland satsa òg sterkt på moderne avisutforming og ny teknikk – Nordhordland var den første avisa i Hordaland som tok i bruk full sideutforming på data. I ein tung periode økonomisk i 1980-åra gjekk avisa over til utgåver tre gonger i veka for å få ferske nyhende raskare ut, særleg etter helgene. Men det viste seg snart at det ikkje var trong for avis så ofte, så Nordhordland gjekk raskt tilbake til to utgåver i veka.

I 1996 overtok A‑pressa (no Amedia) avisselskapet.

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 11.12.2017
Sist oppdatert: 11.12.2017