Hopp til innhold
X
Innhald

Nordre Bergenhus Folkeblad

Avisa heitte Firda Folkeblad både før og i lang tid etter, men ho fann sin identitet som klar Venstre-avis frå 1909, då nye eigarar flytta avisa til Florø under namnet Nordre Bergenhus Folkeblad.

Nordre Bergenhus Folkeblad hadde ei kort levetid, berre frå 1907 til 1919. Avisa vart skipa i Askvoll i 1906, men flytta til Florø alt i 1909, med første utgåve 9. september. Ti år seinare tok ho tilbake det opphavlege namnet, Firda Folkeblad.

Etter at Erik Natvik og Ola Hestebeit tok over avisa i 1908, gjekk eit lutlag av venstrefolk saman og kjøpte avisa i 1909.

Det finst ikkje gode opplagstal for korkje Firda Folkeblad eller Nordre Bergenhus Folkeblad frå dei første åra. I 1920, to år etter namneendringa, hadde bladet eit opplag på om lag 1850. Avisa hadde stillinga som Venstre-organet for Sunnfjord og var ei av berre to aviser i regionssentret Florø. Ein god indikasjon på utbreiinga finn vi i at lutlaget som flytta avisa til Florø, hadde 35 bidragsytarar frå så langt unna som Jølster kommune.

Nordre Bergenhus Folkeblad vart skipa med Venstre-veljarar i tankane, og avisa kjempa for målsaka og fråhaldssaka, spesielt etter at Anders Matias Abrahamsen Lothe tok over som redaktør i 1911 og byrja å bruke nynorsk i avisa.

Avisa må ikkje forvekslast med ei anna avis med same namn som kom ut i Florø i 1887, og som truleg gjekk  inn same året. Denne hadde undertittelen «Nyhets- og Avertissementsblad for Nordre Bergenhus Amt».  

Kjelder

Hans Fredrik Dahl ofl. (red.): Norsk presses historie, bd. 1–4. Oslo 2010

Terje Eggum: På Trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde 2009

Først publisert: 12.12.2017
Sist oppdatert: 14.08.2019