Hopp til innhold
X
Innhald

Nordre

Etter fleire mislukka forsøk fekk Haram si lokalavis i 1971. Haramsnytt har seinare skifta namn til Nordre og dekkjer i dag også Sandøy kommune.

Nord for Ålesund ligg Brattvåg, som er kommunesenteret i Haram. Bygdebladet var det første forsøket på avisdrift i kommunen, men bladet måtte gi seg i sin andre årgang, i 1932. Det gjekk langt betre med Møre Bygdeblad, som L. Hatlehol starta same året, men den tyske invasjonen stoppa denne avisa for godt i aprildagane 1940. I 1952 blei det gjort eit forsøk på å gi ut Vestland som ei ny bygdeavis, men ho måtte gi seg året etter.

 

Først i slutten av 1960-åra kom tanken om lokalavis opp på nytt. Då var kommunen etter samanslåingar blitt mykje større og hadde fått om lag 8500 innbyggjarar. Fleire enkeltpersonar og organisasjonar gjekk saman og gav ut eit prøvenummer, dagsett «Juni 1971», med namnet Haramsnytt. Eit aksjeselskap stod som utgivar, og ei redaksjonsnemnd på fem personar laga avisa. Føremålet med avisa var det same som andre lokalaviser på den tida, det var spesialisering på det nære og lokale. I det første nummeret heitte det mellom anna: «Bladet vil ikkje ta opp konkurransen med dei store avisene, men fylle det tomrommet som desse naturleg nok ikkje maktar å fylle når det gjeld vårt distrikt.»

 

Det første ordinære nummeret kom ikkje før 18. februar 1972. Der blei det mellom anna fortalt at utgivarane hadde nådd målet med aksjesalet, «om enn etter noko strev», sjølv om interessa for det nye bladet var stor. Den nye avisa kom frå no av med eitt nummer i veka, med Johan Kaare Tenfjord som redaktør.

 

Avisa fekk ein god start, med abonnentar også blant utflyttarar, noko som ikkje er uvanleg for lokalaviser. Likevel blei avisa etter to år råka av ein økonomisk krise. Redaktør Tenfjord trekte seg, og ei redaksjonsnemnd på tre personar overtok. Dei var amatørar og redigerte avisa på fritida, vederlagsfritt. Det blei også mykje nattarbeid, noko som gav redaksjonen aukenamnet «nattredaktørane». Denne spesielle ordninga varte heilt fram til 1978. Då overtok Ole M. Ellefsen redaktøransvaret, og han blei også hovudaksjonær. Han hadde tidlegare røynsle som redaktør av Fjordabladet på Nordfjordeid. Han sat som redaktør heilt til byrjinga av 2000-talet, rett nok med fleire kortare avbrot. Den første tida var han nesten åleine, men etter kvart fekk han bygd opp ein stab og teke i bruk den nye teknologien som gjorde det enklare og billigare å lage lokalaviser.

 

I 2013 skifta avisa namn til Nordre og tok lenge med Skodje kommune i dekningsområdet, i tillegg til Haram og Sandøy. Samstundes blei ei sterkare nettsatsing sett i verk gjennom den nye nettavisa nordrenett.no

Sidan 2017 har Nordre drive avisa Midsundingen. Avisa dekkjer noverande Midsund kommune, og kjem på papir ein gong i månaden, og på nett kvar dag.

 

Peikarar

Nettstaden til Nordre

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010.

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Først publisert: 30.10.2017
Sist oppdatert: 05.04.2018