Nordtrønderen og Namdalen var ei dagsavis i Namsos. Nordtrønderen blei grunnlagd i 1883, og Namdalens Blad i 1889. Frå 1919 fortsette avisa under namnet Namdalen. I 1942 blei dei to avisene slått saman. I åra 1964–1977 heitte bladet Fellesavisa, og hadde då også tatt opp i seg Namdalens Folkeblad. I 1994 blei avisa overteken av Namdal Arbeidarblad (Namdalsavisa).
Nordtrønderen og Namdalen
Historie
Nordtrønderen i Namsos blei grunnlagd av den første «målprofessoren», Marius Hægstad. Avisa gjekk seinare gjennom fleire samanslåingar og namneendringar før ho i 1994 gjekk inn i Namdalsavisa.
I 1874 flytta professor Marius Hægstad til Namsos for å bli lærar. Det var ein sjeldan godt skulert og samfunnsinteressert 24-åring som kom til byen ved utløpet av Namsen. Hægstad var fødd i Ålesund, flytta til Bergen som barn og studerte i Oslo og i Oxford.
Vel etablert i Namsos oppdaga Hægstad snart at han som målmann og fråhaldsmann hadde problem med å forfekte dei radikale synspunkta sine blant den Høgre-dominerte eliten i byen og presseorganet deira, Namdals Tidende. Der fekk Hægstad til slutt ikkje forsvare seg på personangrep, sjølv om han var ein av dei leiande skribentane i avisa.
Marius Hægstad var etter den tids målestokk svært skrivefør, og i 1883 greidde han å stable nok kapital på beina til å starte ei radikal avis i Namsos, Venstre-avisa Nordtrønderen. Hægstad blei etter kvart sterkt engasjert i politikken, og i 1892 blei han vald til Stortinget som representant for Venstre. Då slutta han som redaktør i Nordtrønderen og flytta til Steinkjer, der han blei skuleinspektør. I 1899 fekk han professorstatus, som den første i «landsmaalet og dets dialekter».
Samanslåing
Då Hægstad forlét Namsos, overtok Ole Severin Aavatsmark som redaktør, ei stilling han hadde i ein mannsalder. Også han var engasjert på mange område i samfunnslivet i distriktet. Då Aavatsmark slutta i 1924, blei Anders Opsal-Kaas tilsett som redaktør, og han hadde stillinga til i 1942, då han måtte gå i dekning for makthavarane. Nordtrønderen var no slått saman med avisa Namdalen til eit fellesorgan. Opsal-Kaas kom att som redaktør for Nordtrønderen i 1945, og han fekk ytterlegare ti år i redaktørstolen før han blei pensjonist.
Då redaktørstillinga blei avertert ledig, melde det seg mange kjende pressefolk. Per Todal fekk stillinga, men alt få år etterpå valde han å slutte. I 1957 blei så redaksjonssekretær i Trønder-Avisa i Steinkjer, Thor C. Conradi, tilsett som Venstre-redaktør. Men etter splittinga i Venstre på Røros blei han med utbrytarane, og dermed var hans dagar som redaktør for Nordtrønderen talde.
Redaksjonssekretær Georg H. Bondø blei no tilsett som sjefredaktør for heile avisa, men då Andor Opdal tok over som politisk redaktør i Namdalen i 1977, blei Bondø politisk redaktør for Nordtrønderen – ei stilling han hadde til avisa måtte gi opp i 1994, då forlagsretten for både Nordtrønderen, Namdalen og Namdalens Folkeblad blei overteken av Namdal Arbeiderblad (Namdalsavisa).
Opplag
Opplagstall for Nordtrønderen og Namdalen, 1986-1993
1986 | 4148 |
---|---|
1988 | 3918 |
1990 | 3517 |
1991 | 3606 |
1992 | 3123 |
1993 | 3148 |
År | Opplag |
---|---|
1932 | 2500 |
1950 | 4500 |
1964 | 6932 |
1970 | 5790 |
1993 | 3148 |
Fakta
- Nordtrønderen: fyrste nr. 22.6.1883. Siste nr. 8.4.1942. Deretter slått saman med Namdalen til Nordtrønderen og Namdalen, 10.4.1942–14.4.1944 og 1.6.1945–31.12.1963.
- I perioden frå 16.2.1944 til 30.5.1945 var tittelen Fellesbladet Nordtrønderen og Namdalen. Denne avisa blei slått saman med Namdalens Folkeblad under tittelen Fellesavisa, første nr. 2.1.1964.
- Skifta så namn til Nordtrønderen og Namdalen 1.9.1977. Siste nr. 29.9.1994, då blei forlagsretten seld til Namdalsavisa.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.