Hopp til innhold
X
Innhald

Norsk Aarbok

Norsk Aarbok, årbok for høgnorsk, skipa av Torleiv Hannaas og ført vidare av Gustav Indrebø. Årboka kom ut i Bergen i tidsrommet 1920–1939.

Initiativet til Norsk Aarbok vart teke av Torleiv Hannaas, som redigerte boka frå 1920 til han døydde i 1929. 1930-årgangen vart redigert av Gustav Indrebø og Lars Eskeland. Deretter var Indrebø redaktør til og med 1939. I 1937 var det inga utgiving.
 
Den første årboka, liksom dei seinare årgangane, kom utan redaksjonell innleiing eller programerklæring. Men tanken var at årboka skulle vere eit årsskrift for høgnorsk. Språksynet sitt la Hannaas fram i 1922-årgangen, i artikkelen «Høgnorsk eller flatnorsk?»
 
Kvar årbok var ei samling artiklar skrivne av ulike forfattarar om mellom anna målreising, folkeminne, sentrale personar i norskdomsrørsla, om språktilhøva i andre land, om diktarar, om Island, Færøyane og Grønland og om leveveg og handverk på bygdene. I seinare årgangar finn vi òg artiklar om så ulike emne som kristendom og humanisme, Mussolini og Hitler, fargefotografering og jordolje.
 
I årbøkene 1925–29 gav Hannaas kvart år eit oversyn over nye bøker på nynorsk. Bibliografiane vart førte vidare av Sigmund Skard og Norsk Boksamling i årgangane for 1933–37.
 
Kjelder
Norsk Aarbok, 1920–1939
 
Peikarar
Torleiv Hannas: «Høgnorsk eller flatnorsk?», Norsk Aarbok 1922, nettbiblioteket til Ivar-Aasentunet, aasentunet.nohttp://www.aasentunet.no/default.asp?menu=1158&id=2957 [lesedato 19.01.2011]

Først publisert: 19.01.2011
Sist oppdatert: 08.05.2013