Hopp til innhold

Norsk folkekultur

Norsk folkekultur, tidsskrift som kom ut i perioden 1915–1935 og var eit tidleg forum for registrering og formidling av norsk kulturarv.

Det var Rikard Berge, museumsstyrar ved Telemark Museum frå 1916 til 1951, som tok initiativ til og redigerte Norsk folkekultur. Tidsskriftet vart først utgitt av Erik Gunleikson i Risør og frå 1926 av Norsk folkekulturs forlag i Skien.
Norsk folkekultur synte seg levedyktig i ei tid då finansiering av slike tidsskrift var problematisk. Tidsskriftet inneheldt eit mangfald av artiklar og ulike former for innsamlingsarbeid, i tillegg til bokmeldingar og dialog med lesarane. Spekteret var vidt, frå byggeskikk og stadnamngransking til folkemusikk, folkedikting og folketru. Nokre avhandlingar vart publiserte som særtrykk.
Den faglege profilen avspeglar den autodidakte Berge sine interesser og kunnskapar. Blant dei som skreiv i Norsk folkekultur, var Alexander Bugge, Edvard Bull, Anton Espeland, H.G. Heggtveit, Hans Seland, Chr. Skredsvig, Nikka Vonen og redaktøren sjølv. Kona hans, biletkunstnaren Johanna Bugge Berge, dotter av Sophus Bugge, utarbeidde framsida.
Kjelder
Olav Bø: Utsyn over norsk folkedikting. Oslo 1972
Olav Bø: Folketradisjon og kulturarv. Oslo 1988
Håkon Finstad ofl. (red.): Telemark historie. Tidsskrift for Telemark historielag, nr. 9, 1988
Reimund Kvideland: «Rikard Berge – samlaren og forskaren», Telemark historie. Tidsskrift for Telemark historielag, nr. 9, 1988
Kvideland, Reimund: «Rikard Berges forfattarskap. Ein selektiv bibliografi», Telemark historie. Tidsskrift for Telemark historielag, nr. 9, 1988
Norsk folkekultur 1915–1935

Først publisert: 06.07.2012
Sist oppdatert: 08.05.2013