Norsk Tidend er no medlemsblad for Noregs Mållag. Avisa kjem ut fem gonger i året, med eit opplag på kring 15 000 eksemplar (2023).

Då Norsk Tidend kom ut med det første nummeret hausten 1935, var ho den tredje i rekkja av nynorske riksaviser. Den første var Fedraheimen, som kom ut i åra 1877 til 1891. Den andre var Den 17de Mai, som vart grunnlagd i 1894 og gjekk inn våren 1935. Hausten same året vart Norsk Tidend lansert, med undertittelen «Framhald av Fedraheimen – Den 17de Mai».

Historie

Forside av Norsk Tidend
Framside av Norsk Tidend frå det andre utgjevingsåret i 1936.
Forside av Norsk Tidend
Nasjonalbilioteket .

I 1934 vart Lutlaget Nynorsk Dagblad skipa, med Bondeungdomslaget i Oslo, andre ungdomslag og delar av Noregs Mållag som dei største aksjonærane, ved sida av mange småaksjonærar. To aksjeseljarar reiste rundt i landet for å verve aksjonærar. Interessa for den nye avisa var så stor at ho fekk godt over hundre søkjarar på dei få journaliststillingane som vart lyste ut.

Då Norsk Tidend kom ut første gongen i 1935, hadde Den 17de Mai i fire tiår vore den store nynorske riksavisa, nokre år jamvel ei av dei største avisene i landet. Men i 1930-åra møtte Den 17de Mai stadig meir motgang. Det var òg ei ulempe at avisa var organ for partiet Venstre, sidan det sokna fleire målfolk til dei andre partia. 15. mars 1935 gjekk Den 17de Mai inn, eit halvt år før den nye avisa kom ut. Mange målfolk, både då og sidan, såg det som eit svik at ein ikkje prøvde å berge Den 17de Mai, men heller satsa på ei heilt ny avis.

24. september 1935 kunne så redaktør Olav Rytter sende ut det første nummeret av Norsk Tidend. Dei første to vekene kom den nye avisa annankvar dag, men så vart ho dagsavis.

Utbreiing og publisering

Som partipolitisk ubunden ønskte avisa å samle både dei tidlegare lesarane av Den 17de Mai og målfolk frå alle parti. Dette var vanskeleg, midt i tidsperioden for partiavisene.

Norsk Tidend fekk ikkje så mange tingarar som utgivarane hadde rekna med, og etter berre to år måtte ho gå over frå dagsavis til vekesavis. Arne Falk, som til då hadde vore redaksjonssekretær, overtok som redaktør. Det gjorde ikkje situasjonen betre for avisa at ein krins av Venstre-målfolk same året, i 1937, gav ut endå ei nynorsk vekeavis, Noreg, som kom ut heilt til den tyske okkupasjonen i 1940.

Norsk Tidend kom seg stort sett velberga gjennom krigsåra. I 1946 vart Vegard Sletten tilsett som ny redaktør, og han redigerte avisa heilt til ut i 1960-åra, samstundes med at han var først redaksjonssekretær og seinare redaktør i VG.

Avisa kom også no ut éin gong i veka, i periodar to gonger, og vart meldingsorgan for Noregs Ungdomslag. Ein intern strid innanfor målrørsla førte til at Vegard Sletten i 1956 vart sagd opp, og Ludvig Jerdal overtok. Men seinare same året var Sletten tilbake på redaktørkrakken. Redaktørstriden førte til at mange lesarar forsvann.

I 1962 vart avisa organ for Kringkastingsringen, seinare også for Noregs Mållag. No er Norsk Tidend medlemsblad for Noregs Mållag.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Olaf Almenningen ofl.: Norsk målreising i 75 år. Oslo 1981.
  • Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010.
  • Tidlegare utgåver av Norsk Tidend på Aasen-tunet.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg