Hopp til innhold
Logoen til Ny tid.
Logoen til Ny tid.
X
Innhald

Ny Tid

Ny Tid, avis knytt til Sosialistisk Venstreparti 1975–1998, deretter partipolitisk uavhengig. Avisa gjekk i 2015 over frå vekesavis til månadsavis, og er i dag Noregs einaste avis som kjem ut i klassisk fullformat.

Ny Tid kom med første nummeret 15. august 1975 og var eit resultat av etableringa av Sosialistisk Venstreparti (SV). Avisa tok opp i seg og var ei vidareføring av Sosialistisk Folkepartis avis Orientering, som var skipa i 1953. Tanken var at Ny Tid skulle famne vidare enn Orientering.
Dei første redaktørane var Audgunn Oltedal (1975–79), Steinar Hansson (1979–82), Ingolf Håkon Teigene (1982–86) og Finn Gustavsen (1986–89). Oltedal og Teigene skreiv nynorsk, Hansson og Gustavsen bokmål.
Under den kalde krigen var Orientering og seinare Ny Tid dei viktigaste samfunnskritiske avisene i Noreg. Dei kritiserte atomvåpenpolitikken, rustingskapplaupet og Noreg sitt bidrag til USAs og Natos militærpolitikk. Dei stod for det tredje standpunktet, ein uavhengig venstresosialisme som i utanrikspolitikken stødde korkje Washington eller Moskva. Innanrikspolitisk markerte dei gjerne avstand til Arbeidarpartiet.

Listesaka

Ei av dei største sakene i Ny Tids historie var Listesaka i 1977. SV-aren Ivar Johansen hadde ved opne kjelder utarbeidd ei oversikt over 600 tilsette i dei hemmelege tenestene og tilbaud Ny Tid listene slik at avisa skulle kunne skrive ein artikkelserie om desse tenestene. Avisa hadde nyleg avdekt at Noreg hadde øvd finnar til å drive spionasje mot Sovjetunionen.
I august 1977 gjekk politiet til aksjon. Redaktøren, Audgunn Oltedal, vart ikkje tiltalt, trass i at ho bad om det. Men Ivar Johansen, journalistane Ingolf Håkon Teigene og Jan Otto Hauge og informasjonssekretæren i Club 7, Trond Jensen, vart tiltalte etter spionparagrafane i den gamle landssvikarrettargangslova som fråtok dei tiltalte rettergangsgarantiar. Den Norske Advokatforening reagerte ikkje, og Forsvarergruppen av 1977 vart difor skipa. Rettssaka februar–mars 1979 var ei av dei meste medieomtalte i samtida.

Fristilt i 1998

Ny Tid vart fristilt frå SV i 1998. I 2006 vart avisa seld til N.W. Damm & Søn AS og gjort om til nyhendemagasin. Utgivar sidan 2010 er Ny Tid & Orientering AS, som i dag er eigd av personar knytt til avisa. I 2010 vart det teke inn i vedtektene for Ny Tid & Orientering AS at føremålet er å gi ut avisa «i forlengelsen av publikasjonens tradisjon siden grunnleggelsen i 1953». 7. februar 2014 gjekk avisa over til avisformat igjen, frå mars 2015 i fullformat. Sommaren 2015 gjekk Ny tid frå å vere vekesavis til å bli månadsavis. Om lag samstundes vart avisa bilag til Klassekampen, noko som seksdobla opplaget av Ny tid. Ansvarleg redaktør frå 2015 er Truls Lie, som tok over etter Dag Herbjørnsrud.

I 1979 hadde Ny Tid eit opplag på ca. 16 000, i 1989 ca. 9000 og i 2005 vel 4000. Etter at vekeavisa vart lagd om til nyhendemagasin i 2006, steig opplaget til vel 9000, men gjekk seinare attende. I 2013 var opplaget ca. 2000. Opplaget auka monaleg etter at Ny tid i 2015 vart fast vedlegg kvar månad til Klassekampen.

Kjelder

HFD [Hans Fredrik Dahl]: «Ny Tid». Paxleksikon, bd. 4. Oslo 1980
HFD [Hans Fredrik Dahl]: «Orientering». Paxleksikon, bd. 5. Oslo 1980
Halvor Elvik (red.): Politi, presse, overvåking. Oslo 1982
BKF [Birgitte Kjos Fonn]: «Ny Tid», i Idar Flo (red.): Norsk presses historie, bd. 4. Oslo 2010
Birgitte Kjos Fonn: Orientering. Rebellenes avis. Oslo 2011
Guri Hjeltnes (red.): Norsk presses historie, bd. 3. Oslo 2010
OK [Ole Kromann]: «Listesaka». Paxleksikon, bd. 4. Oslo 1980
Frank Rossavik: SV. Fra Kings Bay til Kongens bord. Oslo 2011
Aviskatalogen, Mediebedriftenes Landsforening:
http://www.mediebedriftene.no/index.asp?id=78404 [lesedato 22.11.2011 og 12.5.2016]

Aurora: «Ny Tid lanseres i avisformat», nytid.no, publisert 7.2.2014: https://www.nytid.no/ukeavisa-ny-tid-lanseres-i-avisformat/ [lesedato 12.5.2016]

NTB: «Ny Tid blir bilag til Klassekampen», klassekampen.no, publisert 3.7.2015: http://www.klassekampen.no/article/20150703/NTBO/1310908650 [lesedato 12.5.2016]

Truls Lie: «Ny Tid i Klassekampen», nytid.no, publisert 19.8.2015: https://www.nytid.no/ny-tid-i-klassekampen/ [lesedato 12.5.2016]

Peikarar

Ny Tid sin nettstad

Først publisert: 24.05.2012
Sist oppdatert: 26.04.2017