Nynorsk salmebok. For kyrkja og heim og møte var ei salmebok som kom ut i 1925 på forlaget Lunde & Co i Bergen. Redaktørar var biskop Peter Hognestad, sokneprest Anders Hovden og biskop Bernt Støylen. På det meste var Nynorsk salmebok i bruk i om lag ein fjerdedel av kyrkjelydane i Den norske kyrkja.

Historie

På 1800-talet og langt inn på 1900-talet var så godt som heile det norske folket medlemer i Den norske kyrkja. Det måtte difor vere strategisk viktig for målrørsla å få laga ei nynorsk salmebok godkjend til kyrkjeleg bruk. Då boka låg ferdig, vart det søkt om løyve til å nytte henne i dei sokna som ønskte det, og løyvet kom i ein kongeleg resolusjon 18. desember 1925. Men alt månaden før hadde Nesland kyrkje i Vinje teke boka i bruk, som den første kyrkjelyden i landet.

Alt i 1908 hadde Hognestad gitt ut Tekstbok for den norske kyrkja og Altarbok for den norske kyrkja på nynorsk, og i 1920 kom nynorskutgåva av den offisielle altarboka. I 1921 hadde Studentmållaget i Oslo ferdig den første omsetjinga til nynorsk av heile Bibelen. (Det Norske Bibelselskap gav ikkje ut nokon bibel på nynorsk før i 1938, då med presten Ragnvald Indrebø reviderte 1921-bibelen). Etter at Nynorsk Salmebok kom i 1925, kunne såleis kyrkjelydane i Den norske kyrkja ha både altartenesta, salmesongen og tekstlesingane på nynorsk, eller landsmål, som det heitte fram til 1929. På det meste var Nynorsk salmebok i bruk i om lag ein fjerdedel av kyrkjelydane i Den norske kyrkja.

Innføringa av Nynorsk salmebok møtte motstand mange stader i landet, også der ein minst skulle vente det. På Agder vart det sagt at Guds velsigning ikkje følgde dei nynorske salmane. I Sogn hevda somme kristne at nynorsken kom frå helvete. Ei anna innvending vart framsett av presteforeininga i Den norske kyrkja, som meinte at den nynorske salmeboka berre burde godkjennast som tillegg til ei anna salmebok. Slik skulle det ikkje gå. I staden vart det fastsett i ein kongeleg resolusjon 1. oktober 1926 at Nynorsk salmebok skulle ha eit tillegg på 200 bokmålssalmar frå den gamle og den reviderte Landstads salmebok (som tilsvarande fekk 200 nynorsksalmar). Boka fekk no namnet Nynorsk salmebok. For kyrkja og heim og skule og kom ut på Det Norske Samlaget.

Nynorsk salmebok hadde 711 salmar på nynorsk i tillegg til det obligatoriske bokmålstillegget.

Bak heile 596 av dei 711 salmane på nynorsk står tre diktarar og omsetjarar: Elias Blix (186 salmar – 111 originale og 75 omsette), Anders Hovden (209 salmar – 128 originale og 81 omsette) og Bernt Støylen (201 salmar – 62 originale og 139 omsette).

I 1985 vart Nynorsk salmebok og Landstads reviderte salmebok (for det meste utarbeidd av stiftsprost Gustav Jensen og autorisert til kyrkjeleg bruk i 1924) avløyste av Norsk salmebok. Denne salmeboka er seinare vorten avløyst av Norsk salmebok 2013. Dette er den første felles salmeboka for nynorsk, bokmål, kvensk, nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg