Tre utgåver av Nynorsk vekeblad frå 1946

Nynorsk Vekeblad var eit kulørt vekeblad redigert på nynorsk, og vart gitt ut frå 1934 til 1954. Etter initiativ frå Hans Aarnes og eit prøvenummer hausten 1933 kom bladet regelmessig frå sommaren 1934.

Fram til den tyske okkupasjonen vart bladet gitt ut i nært samarbeid med Illustrert Familieblad. Hans Aarnes kjøpte namn og rettar i 1940, og heldt fram med å gje ut bladet frå det nystarta Fonna Forlag i ei enklare form. Samtidig vart den redaksjonelle profilen meir tradisjonsorientert og mindre framtidsoptimistisk, med litterære bidrag frå mellom andre Johannes Heggland, Anders Hovden og Ragnvald Vaage.

Bladet nådde eit opplag på 37 000 i 1945.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg