Hopp til innhold

Nynorsk Vekeblad

Nynorsk Vekeblad, vekeblad utgitt 1934–54, eit ambisiøst forsøk på å lage eit vekeblad på nynorsk.

Nynorsk Vekeblad blei skipa i 1933 etter eit initiativ frå Hans Aarnes, som gav ut eit prøvenummer til påska 1933. Frå sommaren 1934 kom bladet ut regelmessig, fram til det gjekk inn i 1954. Bladet nådde eit opplag på 37 000 eksemplar i 1945.
 
Fram til den tyske okkupasjonen i 1940 blei bladet utgitt i nært samarbeid med Illustrert Familieblad. Hans Aarnes kjøpte namnet og utgivingsretten i 1940 og heldt fram med utgivinga frå det nyetablerte Fonna Forlag, men no med enklare utstyr og færre fargar. Samstundes blei den redaksjonelle profilen meir tradisjonsorientert og mindre framtidsoptimistisk.
 
Mange kjende forfattarar skreiv i Nynorsk Vekeblad, til dømes Johannes Heggland, Anders Hovden og Ragnvald Vaage.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 08.09.2009
Sist oppdatert: 01.07.2013