Hopp til innhold
X
Innhald

Nynorskordboka

Nynorskordboka, definisjons- og rettskrivingsordbok for nynorsk, utarbeidd ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo i samarbeid med Språkrådet. Då ordboka kom i 1986, var det 70 år sidan det hadde vore gitt ut ei ordbok for nynorsk.

Arbeidet tok til i 1974, etter at Norsk språkråd året før vedtok å utarbeide handordbøker for bokmål og nynorsk i samarbeid med Norsk leksikografisk institutt. Ordbøkene viser offisiell rettskriving og bøying, har opplysningar om uttale, ordhistorie, definisjonar, faste uttrykk og døme på bruk. Stilistiske markeringar er brukte berre i liten mon.

Kjeldetilfanget til den første utgåva av Nynorskordboka kom først og fremst frå dei store ordsamlingane til Norsk Ordbok. Vidare vart det henta tilfang frå ymse ordbøker, større leksika (særleg Norsk Allkunnebok), offentlege dokument og ulike andre kjelder.

90 000 oppslagsord

Kvar ordbok hadde sin redaksjon, men redaksjonane følgde dei same redigeringsreglane og bygde på manuskripta til kvarandre undervegs. Bøkene fekk likevel noko ulikt omfang. Nynorskordboka har drygt 90 000 oppslagsord, Bokmålsordboka noko over 65 000.

Ordbøkene omfattar det sentrale ordtilfanget, men Nynorskordboka har i tillegg ei mengd målføreord, utvalde etter ein regel om at dei skulle vere kjende i minst tre fylke, om ikkje andre viktige grunnar (til dømes litterære) talte for å ta dei med. For målføreord frå Nord-Noreg skulle orda vere kjende i minst to fylke.

Vidare fører Nynorskordboka opp langt fleire samansetnader enn Bokmålsordboka, fordi det for nynorsk ikkje finst ei ordbok av typen Tanums store rettskrivningsordbok, som for bokmål er ei viktig kjelde når det gjeld samansetningar og skrivemåten av samansette ord.

Om lag 44 prosent av ordstammane i Nynorskordboka er importord, 56 prosent er arveord. Arveord er ord som høyrer til det opphavleg nedervde ordtilfanget i eit språk, til skilnad frå lånord og framandord.

Tanken voks fram i 1960-åra

Planane om ei større eittbandsordbok for nynorsk går attende til 1960-åra. Alf Hellevik, som på den tida var skiftevis leiar og nestleiar i Norsk språknemnd, utarbeidde fleire notat om saka. I 1970 peika Det Norske Samlaget ut ei gruppe til å konkretisere planane. Bjarte Birkeland var leiar, og medlemer var Olav T. Beito, Kolbjørn Heggstad, Alf Hellevik og Leif Mæhle. Sekretær var Oddvar Nes.

I 1972 utarbeidde Alf Hellevik, etter oppmoding frå Norsk leksikografisk institutt ved Universitetet i Oslo, eit notat der fagnemnda i Norsk språkråd vart beden om å tilrå at Norsk språkråd og Norsk leksikografisk institutt skulle gå saman om prosjektet. Norsk språkråd følgde opp i 1973 med vedtaket om å utarbeide éi handordbok for bokmål og éi for nynorsk i samarbeid med instituttet.

Det vart nedsett ei nemnd til å gjere det førebuande arbeidet: Einar Lundeby, Arnulv Sudmann og Arnold Thoresen frå Norsk Språkråd, Dag Gundersen og Alf Hellevik frå Norsk leksikografisk institutt, Bjarte Birkeland frå Det Norske Samlaget og Tom Hustad frå Universitetsforlaget. Nemnda drøfta opplegg, omfang og redigeringsprinsipp for ordbøkene.

Norsk språkråd og Universitetet i Oslo lønte redaktørar

Det meste av midlane til arbeidet med den første utgåva av Nynorskordboka kom frå Norsk språkråd og Universitetet i Oslo ved Norsk leksikografisk institutt. Begge institusjonane lønte redaktørar til arbeidet, medan sjølve redigeringsarbeidet vart gjort ved instituttet. Kyrkje- og undervisningsdepartementet, Det Norske Samlaget, Opedalsfondet og Skuleboknemnda til Studentmållaget i Oslo gav økonomiske tilskot til arbeidet.

Den første utgåva av Nynorskordboka vart redigert av Marit Hovdenak, Laurits Killingbergtrø, Arne Lauvhjell, Sigurd Nordlie, Magne Rommetveit og Dagfinn Worren. Også seinare utgåver fører opp denne redaksjonen. Nye medarbeidarar i dei ulike utgåvene vert nemnde i føreorda.

Nye utgåver i 1993, 2001 og 2006

Norsk språkråd gjorde lenge årvisse mindre endringar i rettskrivinga, og nye ord vart normerte etter kvart som dei kom inn i norsk. Systemendringar og forandring av skrivemåte eller bøying av ord som var normerte frå før, måtte godkjennast av departementet. Ordbøker og ordlister måtte oppdaterast hyppig for å vere à jour.

Nye utgåver av Nynorskordboka kom i 1993, 2001 og 2006.

I andre utgåva, frå 1993, vart det teke inn ein del nyord og andre ord som ikkje var med i den første utgåva. Nokre nye ordtydingar kom med, og det vart lagt inn fleire bruksdøme.

I tredje utgåva, frå 2001, vart det opna for fleire danske og tyske importord, etter at Norsk språkråd i 1999 vedtok nye retningslinjer for å ta inn slike ord i ordlister og ordbøker for nynorsk. Dei fleste nye orda er likevel ord som heng saman med samfunnsutviklinga dei siste tiåra. Ordboka vart utvida med til saman over 1000 ord.

I fjerde utgåva, frå 2006, er det om lag 500 nye ord, for det meste ord som har kome inn i språket dei aller siste åra. Ordboka er i samsvar med rettsskrivingsendringane frå 1. juli 2005, som for nynorsk ikkje var mange.

I 2007 vart redaksjonen for fjerde utgåva tildelt Ordbokprisen frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.

Gratis nettordbok

Både Nynorskordboka og Bokmålsordboka har sidan 1995 vore tilgjengelege gratis som nettordbøker. Nettutgåvene vart laga av Dokumentasjonsprosjektet, eit samarbeidstiltak (1989–1997) mellom dei humanistiske miljøa ved universiteta. Prosjektet digitaliserte mange av universiteta sine samlingar over språk og kultur i Noreg. Etter at prosjektet vart avslutta, vert dei digitaliserte samlingane haldne ved like av Eining for digital dokumentasjon (EDD) ved Universitetet i Oslo. Søk i ordbøkene vert loggførte og kan gi redaksjonen nyttig informasjon om korleis bøkene vert brukte, og kva brukarane finn og ikkje finn. Nettordbøkene er oppdaterte etter dei siste rettskrivingsreformene i bokmål og nynorsk.

15. juni 2016 tok Universitetet i Bergen over ansvaret for å drifte Nynorskordboka og Bokmålsordboka på nett, etter at Universitetet i Oslo i 2014 varsla at dei ville leggje ned språksamlingane.

Sideverknader – nye normeringsvedtak

Arbeidet med første utgåva av Nynorskordboka og Bokmålsordboka førte til at ei rad normeringsproblem vart avdekte. Dels var det inkonsekvensar i rettskrivinga, dels galdt det nye ord som ikkje hadde fått fastsett skrivemåte og bøying. Norsk språkråd måtte ta stilling til spørsmåla, og rådet gjorde mange normeringsvedtak som hang saman med ordboksarbeidet. Også i samband med seinare utgåver måtte Norsk språkråd ta stilling til normeringsspørsmål, til dømes når det galdt skrivemåten av nyord.

Tidlege ordbøker – Aasen, Ross, Schjøtt

Nynorskordboka er den første større handordboka for nynorsk sidan Steinar Schjøtts Norsk ordbok med ordtydingar paa norsk-dansk til skule- og literært bruk frå 1914. Schjøtts ordbok har rundt 46 000 oppslagsord og er den første av dei store ordbøkene som har latinsk skrift. Også denne ordboka kom ut på Det Norske Samlaget.

Den aller første ordboka for landsmål var Ivar Aasens Ordbog over det norske Folkesprog, som kom i 1850 og hadde om lag 24 000 oppslagsord. Den store ordboka til Aasen, Norsk Ordbog, frå 1873, har om lag 45 000 oppslagsord.

Hans Ross følgde opp ordboksarbeidet til Aasen og gav i 1895 ut Norsk Ordbog, med undertittelen Tillæg til «Norsk Ordbog» af Ivar Aasen. Denne ordboka har kring 60 000 oppslagsord.

Schjøtts Norsk ordbok frå 1914 bygde på ordbøkene til Aasen og Ross og på nytt tilfang frå målføra.

Nordisk jamføring

Samanlikna med andre nordiske handordbøker hevdar Nynorskordboka seg godt, både når det gjeld omfang og kvalitet elles. Politikens Nudansk ordbog med etymologi har i utgåva frå 2005 over 100 000 oppslagsord, konstruksjonar og faste vendingar, Norstedts Svenska ordbok frå 2004 har rundt 72 000 ord og frasar og Nationalencyklopedins ordbok frå same året om lag 68 000. Men reknemåtane kan vere noko ulike, og talet på oppslagsord er visseleg berre éin av fleire målestokkar når ordbøker skal vurderast.

Kjelder

Anne Engø: «Bokmålsordboka og Nynorskordboka på Internett», Ord om ord: Årsskrift for Avdeling for leksikografi nr. 5. Oslo 1999Oddrun Grønvik: «Meir enn eit tillegg til annan manns verk? Om Hans Ross og ordboka hans». Ord og mål. Festskrift til Magne Rommetveit. Oslo 1989

Arnbjørg Hageberg: «'Du murrar og knurrar men gjev ikkje upp'. Noko om Arne Garborg og Steinar Schjøtt og ordbøkene hans», Ord om ord: Årsskrift for Avdeling for leksikografi nr. 7. Oslo 2001

Alf Hellevik: «Ordskattar. Nynorsk leksikografi i hundre år», Det Norsk Samlaget 1868–1968. Oslo 1968

Oddmund L. Hoel: «Ordbøkene til Ivar Aasen», Maal og Minne nr. 3-4/1994

Marit Hovdenak: «Arbeidet med ordbøker i Språkrådet», Språknytt nr. 2/1997

Kristoffer Kruken og Terje Aarset: «Innleiing», i Ivar Aasen: Norsk Ordbog med dansk Forklaring. Oslo 2003

Magne Myhren: «Steinar Schjøtt – måldyrkar, bladmann og omsetjar, lærar og lærebokskrivar, ordboksmann og folkeopplysar», Mål og Makt nr. 1/1995

Oddvar Nes: "Bokmålsordboka og Nynorskordboka", Maal og Minne. Oslo 1987

Nynorskordboka. 1986–2006

Helge Sandøy og Jan-Ola Östman (red.): «Det främmande» i nordisk språkpolitik. Oslo 2004

Kåre Skadberg: «Prinsipp som er lagde til grunn for normeringa av nynorsk det siste tiåret», i Bull ofl.: Mål og medvit. Oslo 1987

Dagfinn Worren: «Nye ord i Nynorskordboka 2001», Ord om ord nr. 7. 2001

Dagfinn Worren: «Om å avgrense eit ordtilfang – soga om målføreorda i Nynorskordboka». I Ruth Vatvedt Fjeld og Boye Wangensteen (red.): Normer og regler. Festskrift til Dag Gundersen 15. januar 1998. Oslo 1998

Årsmeldingar frå Norsk språknemnd, Norsk språkråd og Språkrådet

Peikarar

Nynorskordboka på nettet

Først publisert: 17.12.2009
Sist oppdatert: 06.03.2018