Hopp til innhold

Nynorskpressa i Amerika

Freistnadene på å gi ut reine nynorskpublikasjonar i USA har alle feila, men skjønnlitterære tekstar og debattinnlegg på nynorsk og dialekt vart lenge trykte i fleire norskamerikanske aviser og blad.

Interessa for nynorsk og skriving på denne målforma blant norske immigrantar i Amerika kan delast i tre bolkar. Språkdebatten og dikting på dialekt i dei norskamerikanske avisene, og då særleg Skandinaven i 1870- og 80-åra utgjer den første bolken. I dei to første tiåra av førre hundreår hadde nynorsken sin beste periode i Amerika. Etter 1930 dabbar det av med nynorskføretaka, men like til 1980-åra har det vore dikta og gitt ut bøker (Eivind Evans og Arnfinn Bruflot) og ei avis, Ny Verd (1972–81), på nynorsk i Amerika.

 

Språkdebatt og dikting på dialekt

Landsmålet og målstriden vart først introdusert i Amerika med boka Den norske Maalsag (1874) av Rasmus Bjørn Anderson. Debatten som kom etter utgivinga av denne boka, vart starta av P.P. Iverslie i avisa Skandinaven, og er, ifølgje Einar Haugen, den første reine kulturdebatten i norskamerikansk presse. Debatten vart ført på riksmål, og det var heller ikkje tanken til debattantane å innføre landsmålet blant norskamerikanarane.

 

Landsmålet var noko nytt for norskamerikanarane, og mange følte at målstriden i Noreg ikkje vedgjekk dei. Derimot representerte dialektane det regionale, det heimlege, der dei hadde identiteten sin. I bygdelagstidskrifta, særleg i Telesoga, finn ein mange tekstar på dialektar frå Telemark.

 

Høgdepunkt for nynorsk i USA

Om nynorsk i Amerika finst det eit bra utval av kjelder. Bladet Norrøna – det fyrste blad paa norskt maal i Vesterheimen er den beste kjelda for målrørsla i Amerika. Men det finst òg ein del bøker på nynorsk, ei mengd dikt i aviser og blad og nokre artiklar om målsaka. Også her i landet var det interesse for nynorskbrukarane i Amerika. Både Den 17de Mai, Ung-Norig og Syn og Segn publiserte artiklar og bokmeldingar av nynorskbøker og omtale av målrørsla i Amerika.

 

Norrøna var eit kvartalsskrift som kom ut i Walnut Grove, Minnesota og seinare i Fargo, Nord-Dakota med til saman fire årgangar (1900–01, 1914–15). Bladet vart drive og halde oppe av ei gruppa idealistiske menn, men nådde aldri meir enn knapt tusen tingarar. Eigar og redaktør var Peer Storeygard frå Heidal i Gudbrandsdalen, og han fekk med seg kjende nynorskskrivarar i skriftstyret. Bladet vart redigert etter mønster frå norske målblad og reflekterte mykje den same ideologien som dei norske førebileta. Det hadde svært lite stoff om allmenne norsk-amerikanske forhold, men såg det som si største oppgåve å spreie kunnskap om det nynorske språket og den norrøne kulturen til lesarane.

 

I bladet fanst det ulikt stoff – artiklar, litterære bidrag, bokmeldingar og annonsar for bøker. Dei fleste artiklane handlar om språk og kulturspørsmål, men vi finn òg artiklar om trivielle emne med titlar som «Kva honning er god fyrr», «Flatbrødet», «Kunnskap verdi hev mist» osv. Felles for desse artiklane er at dei er av folkeopplysande karakter, og at dei oppmodar til eit enkelt liv. Artiklane om språk og kultur har ei sterk konservativ norm. Den nynorske kulturen vert heile tida sett opp mot den dansk-norske, og argumentasjonsmåten er ofte naiv og forkynnande. Bokmeldingar og forfattarportrett er med på å synleggjere landsmålskulturen og såleis styrkje målfolket sitt positive sjølvbilde.

 

Sjølv om Norrøna låg nede i 13 år, var det likevel aktivitetar på nynorskfronten i denne perioden. Nynorskforfattarane og målfolket vende seg til andre aviser og tidsskrift, til dømes Symra, Eidsvoll, Ervingen, Kvartalskrift, Skandinaven og Decorah-Posten med dikt og artiklar. Ei viktig hending for målfolket i denne perioden var avdukinga av Ivar Aasen-bysten ved Concordia College 7. juni 1913. Same dagen vart Normannalaget – det første mållaget i Amerika – skipa. Dette laget fekk eit kort liv.

 

Jon Norstog, Knut Knutsen Rudie, Knut Martin Teigen og Ola J. Rise var blant dei mest produktive nynorskforfattarane på denne tida. Av dei er Jon Norstog (1877–1942) ikkje berre den mest produktive, men òg den mest fargerike av alle nynorskforfattarane i Amerika. Norstog var oppteken av målsak lenge før han utvandra i 1902. I Iowa starta han sitt eige vesle nynorske blad, Dølen – tidsskrift paa norsk maal (1903–04). I bladet finn vi enkle dikt og noveller om lengt etter fedrelandet, presentasjonar av kjende norske forfattarar, til dømes Vinje og Sivle, anna sjølvlaga stoff og bokmeldingar. Bortsett frå nokre få dikt av Olav Bakkane og annonsar frå «Koefod bokhandel – einaste landsmaalbokhandel i Amerika», var alt stoffet produsert av Norstog sjølv. I 1904 flytta Norstog føretaket til Minneapolis og endra namnet til Dølen – tidsskrift paa norsk og dansk-norsk. Men bladet kom ut med berre eitt nummer i 1904 før det gjekk inn. Det beste frå Dølen vart i 1904 gitt ut i boka Paa Heklemogen.

 

Norstog gav til saman ut 25 bøker, dei aller fleste på nynorsk. I mange år hadde Norstog faste spalter i ulike norskamerikanske aviser, til dømes i Decorah-Posten og Skandinaven, der han mellom anna skreiv om kulturspørsmål, politikk, målsak og litteratur og om nordmennene i Amerika som han skulda for å vere åndlause husmenn.

 

Publisering i Noreg og nytt forsøk på nynorskavis

Etter 1930 var det jamt slutt på skriving på nynorsk i Amerika. Men i 1970-åra gav Eivind Evans og Arnfinn Bruflot ut tekstar i Noreg. Evans publiserte forteljingar mellom anna i Norsk Barneblad, medan Bruflot gav ut fem diktsamlingar i 1970- og 80-åra og ein roman. Inn i Amerika (1980). Bruflot sat òg i redaksjonen til nynorskavisa Ny Verd, som kom ut i Amerika mellom 1972 og 1981.

 

Kjelder

Einar Haugen: The Norwegian Language in America. A Study in Bilingual Behavior. Philadelphia 1953

Arne Sunde: «Nynorsk i Amerika», i Botolv Helleland (red.): Norsk språk i Amerika. NAHA-Noreg, Vol. 3. Oslo 1991

Arne Sunde: «A Minority within a Minority. The Promotion of Nynorsk in the United States, 1900–1920», i Odd Lovoll (red.): Norwegian-American Studies, Volume 34. The Norwegian-American Historical Association. Northfield, Minnesota 1995

Først publisert: 02.05.2018
Sist oppdatert: 09.10.2019